Data

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strukturert representasjon av data.

Data er representasjon av informasjon i form av ei eller anna form for symbol. Data vert lagra på ulike former for datalager, som papir, grammofonplater, platelager, magnetband, og så vidare. Data kan overførast mellom ulike datalager og/eller einingar som prosesserer data.

Ulike former for data[endre | endre wikiteksten]

Rådata[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «rådata» vert nytta om data som er innsamla, men ikkje foredla eller analysert. Typiske døme på rådata er bilete fanga opp av romteleskop, som ofte krev mykje prosessering for å henta ut nyttig informasjon. Det same gjeld sata frå overvakongssatelittar, frå verstasjonar og så vidare.

Primærdata[endre | endre wikiteksten]

Metadata[endre | endre wikiteksten]

Metadata, òg kalla «data om data», er data som inneheld informasjon om anna data, som til dømes kva type data det er, om presisjon, korleis og når innhentinga har forgått og så vidare. Til dømes vil ei lydfil innehalda metadata om sampelrate, ordlengd, lengda på file og så vidare.

Representasjon av data[endre | endre wikiteksten]

Data vert representert på svært ulike former, avhengig av lagringsmedia, kommunikasjonsmedia, prosesserings- og presentasjonsform og så vidare.

Numerisk representasjon[endre | endre wikiteksten]

Numerisk data på skjermen til ein elektronisk kalkulator.

Numerisk data vert representert med eit talsystem. Når ein handsamar storleikar manuelt nyttar ein i dag for det meste titalssystemet, men andre talsystem som seksagesimalsystem, tolvtalsystemet og tjuefiretalssystemet er framleis i bruk for tidsrekning. Dei fleste datamaskinar nyttar totalssystemet og data vert lagra på digitale media med verdiane '0' og '1'.

Ikke-numerisk representasjon[endre | endre wikiteksten]

Ikkje-numerisk data vert representert med ulike typar kodar og symbol. Typiske døme er måleri, teikningar, trafikkskilt, tekst i bøker og aviser og så bortetter.

Når ikkje-numerisk data vert representert på digital form er den underliggande representasjonen likevel numerisk. Tekst, til dømes, vert representert med teiknsett, som ASCII og Unicode, som vert lagra som binære tal. Bilete vert representerte med eit binærtal per pixel, men ofte vert dei lagra på eit komprimert format. Vektorgrafikk vert representert med objekt, som vert lagra som binærtal som representerer koordinatane, linjetype og så vidare.

Data på analog form[endre | endre wikiteksten]

Lagring av analog data på 6.35 mm magnetband.

Data kan representerast på analog form, som til dømes ved at ein storleik er proporsjonal med ei elektrisk spenning, som når eit tale- eller musikksignal vert overført via ein kabel. Når data vert overførte via radio er det representert ved modulasjonen av ei elektromagnetisk bærebølgje. Eit anna døme på analog lagring av data er fotografisk film og magnetband.

Data på digital form[endre | endre wikiteksten]

Data representert på digital form er talverdiar som kan vera direkte genererte av ein algoritme i eit program, eller stamma frå analoge verdiar som har vorte omforma til diskrete talverdiar. I det siste tilfellet må dei analoge verdiane målast ved bestemte tidspunkt, eller med bestemte koordinatar. Dette vert kalla punktprøving, eller sampling. Dei diskrete verdiane må deretter kvantiserast til diskrete verdiar med ein viss presisjonen. Det er dei sampla og kvantiserte verdiane som vert kalla «digital data». Typiske døme på analog data som vert omforma til digital form er utgangsspenningaspenninga frå sensorar som aksellometer, mikrofonar, termometer, osb.

Nøyaktigheit[endre | endre wikiteksten]

Korleis nøyaktigheita vert oppgjeven avheng av kva type data ein har med å gjera. Innan elektronikk, signalhandsaming og telekommunikasjon nyttar ein ofte omgrep som signal-til-støytilhøve for analog data, medan ein for digital data nyttar omgrep som ordlengd, samplerate og så vidare.

Datainnsamling[endre | endre wikiteksten]

Datainnsamling med satellitt.

Data vert samla inn på mange ulike måtar. Meiningsmålingar samlar inn data om kva meiningar almugen har om ei bestemt eller fleire aktuelle saker, om kva politiske parti dei har tenkt å stemma på ved neste val, og så vidare. Statistisk sentralbyrå samlar data om mange ulike tilhøve i samfunnet for å å utarbeide offisiell statistikk som regjeringa og andre institusjonar kan nytta.

I samband med klimaforsking vert det samla inn borekjerner frå isbrear, jord og fjell. Meteorologiske stasjonar samlar inn data om temperatur, vind, straum og så vidare, som meterologane så nyttar i simuleringar for å mella veret noko fram i tid. I eit antiblokkeringsbremsesystem samlar ein inn data om rotasjonsfarten på hjula, som vert nytta for å korrigera bremsekrafta slik at hjula ikkje vert blokkerte. Når ein sender opp ein rakett vert det samla inn data om akselerasjon, vinkel på raketten, temperaturar på ulike komponentar og så vidare. På sjukehus vert det samla inn data om pasienten, som temperatur, hjartefysiologi (EKG), osb.

Datalagring[endre | endre wikiteksten]

Data kan lagrast på ulike media, alt etter kva slags data det er. Bøker lagrar data på skinn eller papir, i form av bokstavar. Tidlegare vart det nytta tavler av stein og leire for å lagra skriftleg tekst. Tre og bein vart òg nytta. Datamaskin lagrar data på plate- eller halvleiarlager. For sikkerheitskopiering nyttar ein ofte magnetband eller platelager.

Databasar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Database

Når data skal lagrast på ein strukturert måte og vera lett tilgjengeleg vert det ofte nytta ein databasar. Typiske døme på bruk av databasar er kundekartotek, pasientdata, rekneskap og liknande.

Arkivering[endre | endre wikiteksten]

Rundt 5000 år gamal data som representerer eit budsjett over tildeling av øl, som framleis er lesbar.

Data som skal lagrast lenge vert arkiverte og lagra på media med lang levetid. Tărtărialeirtavlene i Alba i Romania som, kan vera over 7000 år gamle, så tørka leire kan vera eit svært haldbart materiale. At steintavler òg kan vera haldbare syner den over 2000 år gamle Rosettasteinen og den over 900 år gamle KulisteinenSmøla, som begge framleis er lesbare. At tretavler òg kan svært lengje syner den over 7000 år gamle Dispiliotavla. Sjølv om stein, leire og tre er haldbare materiale er dei ikkje særleg praktiske arkiveringsmateriale. Papyrus, pergament og papir, som kan rullast saman og lagast bøker av, tek mykje mindre plass og er lettare å transportera. Sjølv om desse material er skjørare har dei i sume høve vist seg å vara lengje. Til dømes er den rundt 3700 år gamle rhind-papyursen framleis is nokolunde stand og i Det historiske museum i Kairo i Egypt finst det fragment av over 2000 år gamle pergamentmanuskript.

Organiske materiale[endre | endre wikiteksten]

Sider i ei bok som smuldrar opp.

Men at nokre verk har overlevd tyder ikkje at materialet alltid er like haldbart. Leirtavler er lette å knusa, stein kan klova, og tre, papyrus, skinn og papir kan rotna eller morkna om det ikkje vert lagra tørt, noko namnet på boka Morkinskinna ber vitne om det. Eld er òg eit stort problem. Til dømes brann begge manuskripta til Heimskringla opp i bybrannen i København i 1728.

På grunn av at papir vert brote ned og smuldrar opp varer ikkje bøker laga av papir evig. Sume typar blekk fører òg til at papiret vert øydelagt. Om det er nytta syrefritt papir og om det er lagra med låg fuktigheit kan ein rekna med at bøker varer nokre hundre år. Holband av papir som tidlegare i noko grad vart nytta for lagring av digital data er skjøre og høver ikkje for langtidsarkivering.

Film[endre | endre wikiteksten]

Moderne media har vist seg å ikkje vera særleg haldbare. Tidlegare vart film laga av nitrocellulose, som er svært brannfarleg og ustablit. I perioden 1922 til 1957 var 8 mm, 16 mm, 35 mm og 70 mm film i stor grad basert på cellulosediacetat[treng kjelde], som lik andre materialar basert på cellulose er ustabilt og smuldrar opp og vert til pulver. Det same gjeld cellulosetriacetat.

Digital data[endre | endre wikiteksten]

MagnetbandlagerIBM System/360, introdusert i 1964.

I dag vert digital data arkivert på magnetband, eller på magnetisk- og optisk platelager. Data på magnetiske media kan verta øydelagt av magnetfelt. Magnetband og skrivbare moderne optiske platelager held på data rundt 30 år [1]. Magnetiske platelager i bruk varer ikkje meir enn to til fem år [treng kjelde], medan platelager som ikkje er i bruk kan vara frå 10 til 30 år [treng kjelde]. I tillegg til at mediet som lagrar digital data er haldbart er det naudsynt å ha tilgang til ein avspelar for mediet. Det er ikkje alltid tilfelle, etter som utviklinga går svært snøgt og avspelarar for utdaterte medie vert ikkje alltid tekne vare på. I tillegg til sjølve maskinvara trengst det òg eit operativsystem med drivarar for mediet.

Dataoverføring[endre | endre wikiteksten]

Prosessering av data[endre | endre wikiteksten]

Presentasjon av data[endre | endre wikiteksten]

Som oftast er det informasjonen som ulike former for data representerer som vert presentert, men er er òg ofte interessert i å presentera data, uavhengig av informasjonen han representerer. Dette er til dømes nyttig i samband med analyse og prosessering av ulike former for data.

Sikring av data[endre | endre wikiteksten]

For å unngå tak av data nyttar ein fleire teknikkar, som RAID og sikkerheitskopiering. For å unngå uautorisert tilgang til data vert datamaskinar tilknytt internett sikra med brannmur, innbrotsalarm og antivirusprogram. Svært følsam data, som til dømes pasientjournalar og bankkontoar kan òg sikrast med kryptering.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gilbert, M.W., Digital Media Life Expectancy and Care, Office of Information Technologies, Univ. of University of Massachusetts Amherst, 12/6-2003.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]