Datamus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
3-Tastenmaus Microsoft.jpg

Datamus også berre kalla mus er i datavitskapen ein peikereiskap som vert nytta saman med ei datamaskin. Datamusa er utstyrt med ei anten ei kule, optisk lys eller ein laser som registrerer todimensjonal rørsle, opp og ned og til venstre og høgre.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavsmannen til datamusa er Douglas Engelbart frå Stanford Research Institute. Han fann henne opp i 1963 då han jobba med eit system kalla oN-Line. Ideen var at brukaren skulle kunne styre eller påverke systemet, både maskinvare og dataprogram, med sin eigen kropp. Den første datamus var ein treklosse som hadde to hjul som registrerte rørsle i kvar si retning. Engelberg prøvde òg peikereiskap kopla til hovudet, men handmusa var mest praktisk.

I løpet av 1970-talet forbetra Bill English musa med å skifte ut hjula med ei kule som kunne rulle i alle retningar. Små hjul inne i musa registrerte når musa flytta seg. Denne typen datamus vart populær då Apple lanserte Macintosh-maskina i 1982, men det var arbeidstasjonen 8010 Star Information System frå Xerox som var den første datamaskina som kom med datamus. Eigarar av datamaskiner frå IBM og kompatible datamaskiner måtte lenge klare seg utan mus, eller kjøpe det som ekstrautstyr.