Datolinja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Datolinja

Datolinja (òg kalla datogrensa), er ei tenkt linje frå Nordpolen til Sørpolen som skil område med ulik dato.

Datolinja vart innført i 1845. Ho følgjer stort sett med 180°-meridianen, som går gjennom Stillehavet, men avviker frå denne for at land og øygrupper som strekkjer seg over denne meridianen skal ha same dato. Det største avviket har Linjeøyane i staten Kiribati, som ligg i tidssonen UTC+14, opptil 30° aust for 180°-meridianen. Øyane har dermed same tid på dagen som på Hawaii lenger nord, men datoen er ein dag før Hawaii.

Ved reise austover må ein legge til ein time for kvar 15. lengdegrad for å få riktig sonetid. Ein vinn dermed ein heil dag om ein reiser Jorda rundt. For å unngå dette, må ein trekke frå eit døgn frå datoen når ein passerer datolinja på reise austover. Ved passering mot vest må ein legge til eit døgn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]