Daudisgrop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grytholsjøar i Sibir, nær Obbukta (til høgre på biletet). Fargane indikerer sedimentmengda eller djupna. Jo djupare eller klårare vatnet er, jo blåare er innsjøen.
Dødisgrop i Hossa naturområde i Suomussalmi i Finland.

Daudisgrop eller grytehol er ei senking i lausmateriale. Dei oppstod ved slutten av den siste istida då innlandsisen smelta. Det låg då isrestar gravlagd i jorda, og då desse restane smelta, vart det ei grop i jorda. Det finst fleire tørre dødisgroper, men som regel er dei fylte med vatn, tjern eller har myrer i botn.

Ein finn fleire daudisgroper i Noreg, mellom anna i Akershus i eit belte med 24 større og mindre innsjøar (grytholsjøar) frå Hauerseter i sør, forbi Gardermoen til Bergermoen i nord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«dødisgrop» i Store norske leksikon, snl.no.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]