Daudislandskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daudislandskap er eit uregelmessig landskap med haugar, humpar, store steinar og senkingar og tjern som oppstår i morenemassar.

Daudis oppstår når isbrear ikkje lenger er i rørsle og smeltar der han ligg. Landmasse og is følgde elvar og bekkar som rann i dette landskapet og vatnet avsette sediment dels oppå og delvis i tunnelar inne i isen. Når isen så smelta bort, vart sedimenta liggande att som ryggar og terrassar. Desse subglasiale elveløpa kan ein i dag sjå som eskerar, som er buktande grusryggar.

Daudisgroper har oppstått der isen har ligge heilt eller delvis gravlagd i lausmassar og så dannar gryteforma senkingar. I mange tilfelle har daudisgropene danna små tjern.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]