Daudvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Daudvatn er eit sjømannsuttrykk for eit fenomene som oppstår når eit lag med fersk eller brakkvatn ligg over eit lag med tyngre saltvatn, utan at dei to laga blandar seg saman. Eit skip som seglar under slike tilhøve kan vere vanskeleg å manøvrere eller sakke så mykje av at det nesten står i ro. Årsaka til dette er at mykje av energien frå framdriftsmekanismen til skipet berre går med til å skape bølgjer (såkalla indre bølgje) eller turbulens mellom dei to laga i vatnet, slik at skipet berre klarar opp mot 20 % av den normale farten sin.

Fenomenet vart først skildra av den norske polfararen Fridtjof Nansen under Framekspedisjonen i august 1893 ved Nordenskiöldøyane nær Tajmyrhalvøya:
«Når «Fram» hamna i daudvatn er det som om ei mystisk kraft held ho tilbake og ho lystrar ikkje alltid roret. I stille vêr med lett last klarte «Fram» 6-7 knops fart. I daudvatn klarte ho ikkje ein gong 1,5 knop. Vi gjorde store svingar langs ruta vår, stundom svinga me heilt rundt, for å prøve å gå klar av det, men til særs lita nytte.»

Fenomenet er observert der smeltevatn frå isbrear renn ut i sjøen og legg seg over det saltare vatnet utan at dei to laga blandar seg, slik som i ein fjord.

Gamle metodar[endre | endre wikiteksten]

Gamle sjømenn trudde at fenomenet kom av ei «skorpe» av ferskvatn som festa seg til skroget og at skipet på den måten vart hindra. Tidlegare trudde ein òg at fisk som festa seg til skroget gjordet at skipet flytta seg tregare. Ein brukte forskjellige metodar for å prøve å kome seg ut av daudvatnet, som t.d. å la mannskapet om bord samstundes springe fram og tilbake på skipet, skyte kanoneld i vatnet, ause store mengder sjøvatn på dekk, dra ein slepar frå baugen til akterspeilet under skroget på skipet, svinge rorer raskt fram og tilbake, eller slå i vatnet ved sidan av skipet med årer og andre reiskapar. Mannskapet på taubåtar oppdaga at når dei kom ut for daudvatn var det enklaste å stoppe i eit par minutt slik at bølgjene la seg, og så halde fram for full maskin.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]