Dave Alexander
| Dave Alexander | |
| Verkeleg namn | David Michael Alexander |
| Instrument | bass |
| Sjanger | Hardrock, protopunk |
| Aktive år | 1967–1970 |
| Yrke | Musikar, låtskrivar |
| Tilknytte artistar | The Stooges |
| Plateselskap | Elektra Records |
David Michael Alexander (3. juni 1947–10. februar 1975) var ein amerikansk musikar, mest kjend som den originale bassisten i rockebandet The Stooges.
Etter at familien flytta til Ann Arbor i Michigan møtte han brørne Ron og Scott Asheton på skulen. Etter kvart møtte dei tre Iggy Pop og dei danna i lag The Stooges i 1967. Sjølv om Alexander ikkje var ein dyktig musikar, lærte han raskt og tok snart del i både arrangering og låtskriving, og spelte på alle songane på dei to første albuma til bandet, The Stooges og Fun House.
Alexander vart sparka frå bandet i august 1970 etter at han møtte opp på Goose Lake International Music Festival for full til å kunne spele.[1]
Død [endre]
Han døydde av lungeødem i 1975 27 år gammal i Ann Arbor etter å ha vorte innlagt på sjukehuset for pankreatitt, som igjen var knytt til det store alkoholkonsumet hans.
Iggy Pop nemner Alexander i den munnlege introen til songen «Dum Dum Boys» frå albumet The Idiot, og seier:
"How about Dave?
OD'd on alcohol"
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dave Alexander (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Keith Cameron Return To The Fun House Mojo #161, April 2007
Bakgrunnsstoff [endre]
|
|
|
|---|---|
|
Iggy Pop · Scott Asheton · Mike Watt · James Williamson · Steve Mackay |
|
| Album |
The Stooges (1969) · Fun House (1970) · Raw Power (1973) · The Weirdness (2007) · Ready to Die (2013) |
| Konsertalbum |
Metallic K.O. (1976) · Open Up and Bleed (1995) · Live in Detroit (2003) · Telluric Chaos (2005) · Raw Power Live: In the Hands of the Fans (2011) |
| Andre utgjevingar | |