Dave Ball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

David J. Ball (fødd 30. mars 1950 i Handsworth i Birmingham i England, død 1. april 2015)[1] var ein engelsk gitarist kjend som Dave Ball.

I 1971 vart han medlem av Procol Harum, og erstatta Robin Trower som hadde slutta for å starta sitt eige band. Ball svarte på ei annonse i Melody Maker. Han er med på det bestseljande konsertalbumet Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra, men forlét gruppa under innspelinga av albumet Grand Hotel i 1973. Han starta gruppa Bedlam med broren Dennis og trommeslagaren Cozy Powell, som gav ut eit album på Chrysalis Records, men gruppa vart oppløyst etter kort stund. Han spelte òg i lag med Long John Baldry på Baldry-albumet Good to be Alive i 1973.[2] Ball døde av kreft i 2015.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dave Ball», procolharum.com
  2. Radio Azzurra
  3. «Tributes paid to Dave Ball, former guitarist of Procol Harum», Burton Mail, April 08, 2015

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]