Dave Grohl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dave Grohl

Dave Grohl (fødd 14. januar 1969) er ein amerikansk musikar, gitarist og vokalist i gruppa Foo Fighters. Han har òg vore trommeslagar i bandet Nirvana og pønkrockgruppa Scream.

Grohl vart fødd i Warren i Ohio men flytta seinare til ein forstad til Washington, DC. Han er gift med Jordyn Blum, og saman har dei dottera Violet Maye som blei fødd 15. april 2006.