Dave Pegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dave Pegg
Dave Pegg profile.jpg
Dave Pegg på Fairport's Cropredy Convention, 2005
Verkeleg namn David Pegg
Fødd 2. november 1947, Acocks Green i Birmingham i England
Instrument Bassgitar, gitar, mandolin
Sjanger Rock, folkrock, elektrisk folk
Aktive år 1960-åra til i dag
Yrke Musikar, plateprodusent
Tilknytte artistar Fairport Convention, Ian Campbell Folk Group, Jethro Tull
Plateselskap Woodworm; Matty Grooves
Nettstad www.fairportconvention.com/index.php
Kjende instrument
Fender Precision Bass
Fender Jazz Bass
Crafter Centaur 5 String Bass
Ibanez SRA505 Bass

Dave Pegg (fødd 2. november 1947) er ein engelsk multi-instrumentalist og plateprodusent, men er mest kjend som bassgitarist. Han er det medlemmet som har vore med lengst i folkrockbandet Fairport Convention og har òg vore bassist i mange viktige folk- og rockegrupper, som Ian Campbell Folk Group og Jethro Tull. Han har spelt på nokre av dei viktigaste albuma i hans tid, og gjort fleire soloprosjekt. Basstilen hans har vore særleg viktig innan elektrisk folkemusikk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

David Pegg vart fødd 2. november 1947 i Acocks Green i Birmingham i England.[1] Han byrja å lære gitar då han var fjorten eller femten, inspirert av The Shadows, og spelte i eit skuleband på Yardley Grammar school.[2]

Etter skulen arbeidde han som kontorassistent i eit forsikringsselskap i eit år, medan han spelte på fritida med band som the Crawdaddys og The Roy Everett Blues Band, som varma opp for fleire kjende band i Birmingham på den tida, som Spencer Davis Group og The Moody Blues.[3] I 1966 prøvespelte han for The Uglys, med Steve Gibbons men tapte for venen og gitaristen Roger Hill. Han fekk derimot tilbodet om å spele bass og byta instrument.[3]

The Uglys gav ut ein singel før Pegg og Hill forlet bandet og danna ein bluestrio, The Exception, med songaren Alan Eastwood. I denne perioden spelte han med Robert Plant og i det neste bandet hans, The Way of Life, var trommeslagaren John Bonham, og begge desse starta seinare Led Zeppelin. I 1967 vart han med i Ian Campbell Folk Group, der han bytte til kontrabass, lærte å spele mandolin og fekk ein kjærleik for folkemusikk. Det var her han vart kjend med den lokale folkegitaristen Ralph McTell og tidlegare Campbell Group- og framtidig Fairport Convention-medlem Dave Swarbrick.[3]

Tidleg i 1969 hadde han gått attende til elektrisk bass med The Beast, med Cozy Powell og Dave Clempson, før sistnemnde byrja i Colosseum. Ei veke etter at han hadde sett Fairport for første gong på 21-årsdagen sin, vart han kalla inn til prøvespeling av Swarbrick for bandet, etter at Ashley Hutchings slutta og danna Steeleye Span.[3]

Fairport Convention 1969-1979[endre | endre wikiteksten]

Pegg vart med i Fairport Convention mot slutten av 1969 og danna ein sterk partnerskap med trommeslagaren Dave Mattacks og hadde i det heile eit godt forhold til resten av bandet. Sjølv om Hutchings hadde vore ein solid og melodisk bassist, vert Pegg generelt rekna som ein bassist med meir virtuositet, kompleksitet og energi.[3] Ashley Hutchings meiner det var Pegg som starta å spele jig og reel på bass, i staden for berre ei akkompagnerande basslinje. Dette vart sidan vanleg i det meste av elektrisk folk og til og med folkpunk.[4] Alt dette var tydleg på turneen i Storbritannia og Amerika i 1970 (mellom anna som oppvarming for Jethro Tull), og innspelingar dukka opp på Live at the L.A. Troubadour i 1977. Det første albumet hans med gruppa, Full House (1970), vert av somme kritikarar rekna som det mest fullendte albumet deira musikalsk sett.[5]

Då Pegg vart med i bandet flytta han og familien frå Birmingham og inn i den tidlegare puben the Angel i Hadham i Hertfordshire i lag med andre gruppemedlemmer og familiane deira.[5] Dette vart temaet for tittelsporet på det neste albumet deira Angel Delight (1971), som var første songen Pegg vart tilskriven for. På det neste albumet, Babbacombe Lee, ein folkrockopera av Swarbrick, spelte han ei mykje større rolle og medverka til sju av femten spor.[6] Det neste albumet Rosie medverka han med tre songar, mellom anna «Peggy's Pub».[7]

I 1971 då Simon Nicol og Dave Mattacks forlet bandet, var Pegg og Swarbrick dei einaste gjenverande medlemmane og samarbeidet deira vart avgjerande for å halde bandet gåande.[8] Etter det dårlege salet under Rising for the Moon-turneen (1975), som fekk Denny, Trevor Lucas og Jerry Donahue til å slutte, tok Pegg i aukande grad over den økonomiske kontrollen og kva retning bandet skulle ta.[2] Pegg og Swarbrick tok kontakt igjen med Nicol i 1975 og danna ein trio, Three Desperate Mortgages, som turnerte rundt om i Storbritannia.[9][10]

Med berre Pegg, Swarbrick og trommeslagar Bruce Rowland igjenm, vart Nicol overtalt til å kome attende til bandet under innspelinga av Gottle O'Geer. Den gjenverande kvartetten signerte ein kontrakt med Vertigo, og gav ut to album, The Bonny Bunch of Roses (1977) og Tipplers Tales (1978). Alle songane på desse albuma bestor av tradisjonelle songar, bortsett frå eit par instrumentalar av Pegg. Albuma selde dårleg og Vertigo valde å kjøpe dei ut av kontrakten.[11] Då Swarbrick i tillegg hadde fått høyrselsproblem valte dei å legge ned bandet med ein siste konsert i Cropredy i Oxfordshire den 4. august 1979, nær heimen til Pegg.[12]

Medan han var medlem av Fairport hadde Pegg spelt med mange andre artistar, mellom anna på Nick Drake sitt Bryter Layter (1970); John Martyn sine Solid Air (1973) og One World (1977), samt arbeid med dåverande og tidlegare medlemmar av Fairport, som fleire album for Dave Swarbrick, og på Sandy Denny sine Like an Old Fashioned Waltz (1973) og Rendezvous (1977) og Richard Thompson sitt Pour Down Like Silver (1975). Han spelte på tre Ralph McTell-album, mellom andre Streets (1973) og Slide Aside the Screen (1976), som Pegg òg produserte.

Woodworm og Jethro Tull 1980-1985[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Fairport var oppløyst spelte dei fortsatt ein årleg gjenforeiningskonsert i Cropredy, i tillegg til ein nyårskonsert på små stader og stundom på større europeiske festivalar.[13] Sidan det ikkje var nokre plateselskap som ville gje ut Cropredy-konsertane, skipa Pegg og kona Christine deira eige plateselskap, Woodworm Records. Dei gav ut den siste konserten deira som albumet Farewell, Farewell (1979) og seinare innspelingar vart gjevne ut som «offisielle piratopptak». Han hadde alt bygd eit lite studio i huset sitt. Pegg hadde då sitt eige studio og plateselskap. Artistar som Steve Ashley byrja å spele inn plater der frå 1979. Christine Pegg tok over organiseringa av Cropredyfestivalen, som voks for kvart år som gjekk og hadde eit publikum på 18 000 på midten av 1980-åra.[14]

I 1979 inviterte Ian Anderson Pegg med seg for den sjukemelde John Glascock i Jethro Tull for Stormwatch-turneen. Glascock døydde av sjukdomen og Pegg vart invitert med permanent i bandet, som då framleis var eit av dei største i verda. Dette gav Pegg høge inntekter dei neste femten åra.[2] Pegg kom med i bandet under eit vendepunkt for Jethro Tull. Den første innspelinga var meint som eit soloalbum for Anderson, med berre Martin Barre frå bandet. Albumet A (1980) stod i sterk kontrast til mellomalder- og folkemusikken som hadde inspirert dei førre albuma deira, og var sterkt prega av synthesizerar. Alle medlemmane hadde då forlate bandet, men albumet vart gjeven ut som eit Jethro Tull-album. Pegg talka dette og dei stilmessige endringane utan store vanskar. Det neste albumet Broadsword and the Beast (1982) hadde ein tyngre stil og igjen eit mellomaldertema, og Pegg vart med bandet på scenen i mellomalderkostyme ved sidan av eit vikingskip.[15] I 1983 spelte Pegg inn det første soloalbumet sitt, The Cocktail Cowboy Goes It Alone (1983). Etter det neste Tull-albumet, Under Wraps (1984), tvinga stemmeproblem Anderson til å trekkje seg tilbake dei neste tre åra, og Pegg fekk meir tid til å gjere andre prosjekt.[16]

Fairport samla att 1985-1995[endre | endre wikiteksten]

I 1981 vart Pegg med Ralph McTell og dei andre tidlegare Fairport-medlemmane Richard Thompson og Dave Mattacks i the GPs (ei forkorting for 'Grazed Pontiffs', etter ein kommentar av Dave Mattacks etter eit drapsforsøk på paven). Bandet var eit pub-band som spelte få originale songar og hovudsakleg klassiske blues, rock n’ roll, soul og countrysongar. Dei heldt berre seks konsertar, mellom anna på gjenforeiningsfestivalen til Fairport i 1981 (i Broughton Castle i Oxfordshire), som Woodworm Records gav ut som Saturday Rolling Around (1991).[17] I 1980-åra spelte han òg på fleire andre store folkemusikarar sine album, som Murray Head og Dick Gaughan, i tillegg til å spele med Simon Nicol and Richard Thompson.

I 1985 var Pegg, Nicol og Mattacks ledige og trioen valte å lage eit nytt album som bandet kunne spele på Cropredyfestivalen. Dei nytta Woodworm studio og selskap. Resultatet vart Gladys' Leap (1985), som generelt vart godt motteke i pressa. Det skapte derimot gnissingar i bandet, fordi Swarbrick nekta å spele dei nye songane under Cropredyfestivalen i 1985. Likevel valte bandet å samle seg att, utan Swarbrick. I tillegg til dei tre medlemmane vart Ric Sanders invitert med i lag med gitarist, låtskrivar og multi-instrumentalisten Maartin Allcock.[18] Pegg spelte no i to store band samstundes. Det nye Fairport spelte inn eit instrumentalalbum, Expletive Delighted (1986), som hovudsakleg synte dugleiken til Sanders og Allcock.[19]

I 1987 gav Jethro Tull ut det første albumet sitt på tre år, Crest of a Knave, der Pegg medverka. Han spelte òg på den påfølgjande turneen i Amerika, der Anderson inviterte Fairport med som oppvarmingsband. Bandet trong eit album å promotere, så Pegg forhandla fram ein avtale med Island Records og Fairport gav ut In Real Time (1987).[2] Dette vart presentert som eit konsertalbum, men var i røynda studioinnspelingar med publikumslydar lagt oppå. Innspelinga føregjekk derimot live i studio.[20] Sjølv om turneen fekk mykje ros, gav det lite pengar i kassen. I tillegg måtte Pegg forlate scenen med eitt band og berre minuttar seinare gå på scenen att med det andre, noko som i lengda vart slitsamt.[2] Pegg spelte på ytterlegare tre studioalbum av Jethro Tull: Rock Island (1989), Catfish Rising (1991) og Roots to Branches (1995). I same perioden medverka han på tre studioalbum av Fairport Convention: Red and Gold (1989) the Five Seasons (1990) og Jewel in the Crown (1995).[21] Populariteten til Fairport og storleiken på turneane deira voks i denne perioden, og det store stresset all jobbinga medførte, gjorde at Pegg valte å slutte i Jethro Tull og fokusere på Fairport.[22]

Fokus på Fairport 1995 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Fairport Convention gav ut fem studioalbum dei neste åra, frå det akustiske Old New Borrowed Blue (1996) til Over the Next Hill (2004), i tillegg til fire konsertalbum og samlingar. Pegg gav òg ut det andre soloalbumet sitt, Birthday Party (1998), som var innspelingar frå ein konsert for 50-årsdagen hans i Dudley Town Hall i tillegg til studioinnspelingar.[23]

I 1998 danna Pegg eit hyllestband til Bob Dylan i lag med Simon Nicol, PJ Wright, Steve Gibbons og Gerry Conway. I 2006 vart Nicol erstatta av pianisten Phil Bond. Dei turnerte kvar haust og har gjeve ut eitt studioalbum og eitt konsertalbum, innspelt på Cropredyfestivalen.[24]

I 2004 skilde Pegg seg frå kona Christine. The Woodworm studio vart seld og eit nytt selskap, Matty Grooves vart oppretta for bandet og heile gruppa organiserer no Cropredyfestivalen, no kalla Fairport's Cropredy Convention.[25]

Pegg danna òg ein duett i lag med gitarist PJ Wright, som hadde vore sologitartist i Steve Gibbons Band, og spelte på mindre stader. Dei gav ut albumet Galileo's Apology i 2007, ei samling av pop- og folkrocksongar og instrumentalar.[26]

I 2007 vart samleboksen A Box of Pegg's gjeven ut med fire plater som oppsummerte arbeidet hans med Fairport Convention, Crawdaddy, Richard Thompson, Mike Heron, Steve Ashley, Jethro Tull, The Ian Campbell Folk Group og andre.[27]

I 2010 spelte han fleire konsertar i Bretagne med bandet Red Cardell.

Pegg bur i dag i Banbury i Oxfordshire.[23] Sonen Matt Pegg er òg bassist og har spelt med mellom andre Procol Harum og Francis Dunnery.[28]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

For Fairport Convention-album sjå diskografien deira
For Jethro Tull-album, sjå diskografien deira.

Som soloartist eller med vener
Nick Drake
A. L. Lloyd
  • The Great Australian Legend (Topic, 1971)
  • Old Bush Songs (1995)
Mike Heron
Marc Ellington
  • Rains / Reins of Changes (B&C, 1971)
Alan Taylor
  • Sometimes (United Artists, 1971)
Mick Greenwood
  • Living Game (MCA, 1971)
John Martyn
  • Solid Air (Island, 1973)
  • One World (Island, 1977)
  • Little Sweet Mysteries: the Island Anthology (Island, 1995)
Chris Darrow
  • Chris Darrow (United Artists, 1973)
Bryn Howarth
  • Sunny Side of the Street (Island, 1973)
  • Songs and Hymns (Kingsway, 1999)
Sandy Denny
Krysia Kocjan
  • Krysia (RCA, 1974)
Steve Ashley
  • Stroll On (Gull, 1974)
  • Steve Ashley's Family Album (Woodworm, 1983)
  • Mysterious Ways (Lighthouse, 1990)
  • Test of Time (Topic, 1998)
  • Stroll On Revisited (Market Square, 1999)
  • Everyday Lives (Topic, 2001)
  • Akustisk Folk Box (Topic, 2002)
  • Speedy Return (Market Square, 2003)
  • Live in Concert (Dusk Fire, 2006)
  • Time and Tide (Topic, 2007)
Richard & Linda Thompson
Ralph McTell
  • Streets (Warner Brothers, 1973)
  • Right Side Up (Warner Brothers, 1976)
  • Slide Away the Screen (Warner Brothers, 1977)
  • Streets of London (Warner Brothers, 1981)
  • From Claire to Here: the songs of Ralph McTell (Red House, 1996)
  • Red Sky (Leola , 2005)
Dave Swarbrick
  • Swarbrick (Transatlantic, 1976)
  • Swarbrick II (Transatlantic, 1977)
  • The Ceilidh Album (Sonet, 1978)
  • Lift the Lid and Listen (Sonet, 1978)
  • Smiddyburn (Logo, 1981)
  • Flittin (Spendthrift, 1983)
  • The English Feler: Swarbrick plays Swarbrick (Naxos World, 2002)
Richard Thompson
Gay & Terry Woods
  • The Time is Right (Polydor 1976)
  • Lake Songs from Red Waters-The Best of Gay & Terry Woods (2004)
Dan Ar Bras
Julie Covington
  • Julie Covington (Fame, 1978)
Craig Nuttyholme
  • It’s Just a Lifetime (A&M, 1978)
Murray Head
Dick Gaughan
  • A Different Kind of Love Song (Celtic, 1983)
  • Dick Gaughan Prentice Piece (Green Trax, 2002)
Simon Nicol
Med forskjellige artistar
  • Circle Dance—The Hokey Pokey Charity Compilation (Hokey Pokey ConeD, 1990)
  • Footsteps to Fame, vol 2 (Repertoire, 1991)
  • Best of British Folk Rock (Park, 1997)
  • House on Fire vol 2, an Urban Folk Collection (Red House, 1997)
  • Blues Britannia (Bridge, 2000)
  • Acoustic folk box (Topic, 2002)
  • Acoustic vol 2 (Topic, 2002)
  • Master Craftsmen (Terra Nova, 2002)
  • Along the Pilgrim Way (Pickwick, 2003)
  • Best of British Folk (Prism Leisure, 2003)
Med The G.P.s
  • Saturday Rolling Around live from Broughton Castle (Woodworm, 1991)
Beryl Marriott med Fairport Convention & Chris Leslie
Sally Barker
  • The Rhythm is Mine (Hannibal, 1990)
  • Another Train (Hypertension, 2000)
Linda Thompson
  • Dreams Fly Away: A History of Linda Thompson (Hannibal, 1996)
  • Fashionably Late (Topic, 2002)
Steve Tilson og Maggy Boyle
  • All Under the Sun (Flying Fish, 1996)
Ashley Hutchings
Phil Pickett
Med Dylan Project
Alan Simon
  • Excalibur: La Legende des Celtes (Sbme, 1999)
  • Excalibur: Concert Mythique (Epic, 2000)
  • Excalibur II: The Celtic Ring (EMI, 2007)
Fallen Angel
  • Happy Ever After (Tara, 1999)
Jerry Donahue
  • Telecasting recast (Pharaoh, 1999)
David Hughes
  • This Other Eden (The Folk Corporation, 1999)
  • Recognised (The Folk Corporation, 2002)
Bob Fox
  • Dreams Never Leave You (Woodworm, 2000)
Shirley Collins
  • Within Sound (Fledg’ling, 2002)
Chris Leslie
Amazing Blondel
  • Going Where the Music Takes Me (Shakedown, 2004)
Anna Ryder
  • Paper Girl (RowdyMusic ,2004)
Med PJ Wright
Steve Tilson
  • Reaching Back: the Life & Music of Steve Tilston (Free Reed, 2007)
Ric Sanders
  • Still Waters (Talking Elephant, 2008)
Deborah Bonham
  • Duchess (Warner, 2008)
Tim Moon
  • Invicta (Inside Motion, due for release 2010)
Red Shoes
  • Ring Around The Land (Cedarwood Records, 2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • Frame, P. (1993). Rock Family Trees (3rd ed.). Omnibus. 
    • Humphries, P. (1997). Meet on the Ledge, Fairport Convention, the Classic Years (2nd ed.). Virgin. 
    • Nollen, S.A. (2001). Jethro Tull: A History of the Band, 1968-2001. McFarland. 
    • Redwood, Fred; Woodward, Martin (1995). The Woodworm Era: The story of today's Fairport Convention. Thatcham: Jeneva Publishing. ISBN 0 9525860 0 2. 
  1. Humphries 1997, s. 66
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «History: Dave Pegg recounts Fairport’s History». Fairport Convention Official Website. http://www.fairportconvention.com/dave_pegg_history.php. Henta 28. januar 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Humphries 1997, s. 67
  4. Fairport Convention, The Cropredy Box (Woodworm, WR3CD026, 1998) disk 2.
  5. 5,0 5,1 Humphries 1997, s. 76
  6. Humphries 1997, s. 93
  7. Humphries 1997, s. 104
  8. Frame 1993, s. 15
  9. «Interview with Simon Nicol and Dave Pegg». Fairport Convention discussion pages. http://www.fclist.org/fairport-convention/interview-simon-nicol-and-dave-pegg. Henta 28. januar 2011. 
  10. «History: Simon Nicol writes about Fairport». Fairport Convention official website. http://www.fairportconvention.com/simon_nicol_on_fairport.php. Henta 28. januar 2011. 
  11. Redwood & Woodward 1995, s. 14
  12. Humphries 1997, s. 129
  13. Redwood & Woodward 1995, s. 18
  14. Redwood & Woodward 1995, s. 25–26
  15. Nollen 2001, s. 162
  16. «Jethro Tull». All Music. http://www.allmusic.com/artist/p4610/biography. Henta 28. januar 2011. 
  17. «Talking Elephant». http://www.talkingelephant.co.uk/artists/artist.php?Artist_Ref=2217&Genre_id=all. Henta 30. januar 2011. 
  18. Redwood & Woodward 1995, s. 19,21
  19. Redwood & Woodward 1995, s. 22
  20. Redwood & Woodward 1995, s. 55
  21. Redwood & Woodward 1995, s. 54–56,98–100
  22. «Dave Pegg». The Official Jethro Tull Website. http://www.j-tull.com/musicians/pastmembers/davepegg.html. Henta 30. januar 2011. 
  23. 23,0 23,1 «Dave Pegg Biography». Fairport Convention's official website. http://www.fairportconvention.com/dave_pegg_biography.php. Henta 30. januar 2011. 
  24. Groom, C.; Groll, R.. «Interview with Simon Nicol & Dave Pegg». http://www.lindisfarne.co.uk/archives/interviews/ivfc0109.htm. Henta 30. januar 2011. 
  25. Brown, Jonathan (2 May 2005). «Glastonbury? It's so last year». The Independent. http://www.independent.co.uk/news/uk/this-britain/glastonbury-its-so-last-year-752338.html. Henta 30. januar 2011. 
  26. «PJ Wright, Official Website». http://www.hedgeofsound.com/ppj/ppj.html. Henta 30. januar 2011. 
  27. «A Box of Peggs». Banbury Guaridan. 10 February 2009. http://www.banburyguardian.co.uk/audio/A-Box-of-Peggs.3489779.jp. Henta 30. januar 2011. 
  28. «Matt Pegg». Procol Harum. http://www.procolharum.com/procolmp.htm. Henta 30. januar 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]