Daventry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Daventry

Hovudgata
Hovudgata
Hovudgata
Plassering
Daventry is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Northamptonshire
Distrikt Daventry
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

22 367
Koordinatar 52°16′″N 1°10′″WKoordinatar: 52°16′″N 1°10′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer NN11
Telefon-retningsnummer 0 1327
Commons har multimedium som gjeld: Daventry

Daventry er ein marknadsby i Northamptonshire i England, omkring 40 km vest for Northampton. Han er administrasjonsby for distriktet Daventry, og har omkring 24 000 innbyggjarar (2004).

Daventry har eit historisk sentrum rundt marknadsplassen, og moderne bustad- og industriområde i utkanten. Rett utanfor sentrum ligg ein stor park og eit vassreservoar.

Byen hadde eit museum som tok for seg slaget ved Naseby, men dette vart nedlagt i 2004.

Mange føretak brukar Daventry som lager- og distribusjonssenter, sidan byen ligg nær motorvegen M1 og den sentrale plasseringa i tilhøve til alle delar av Storbritannia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste spora etter menneskeleg aktivitet er funne på Borough Hill, 199 moh, der det ligg restar etter eit fort frå jernalderen. Dette er eit av dei største forta frå jernalderen som er kjent i Storbritannia. Det er òg funne restar etter romerske bygningar like ved åsen.

Daventry fekk bystatus i eit charter frå 1606. Eit nytt charter vart utskrive i 1674. Under borgarkrigen var Karl I innkvartert i Daventry saman med store delar av styrkane sine før slaget ved Naseby, som stod nær byen i 1645.

I 1923 bygde BBC ein stor sendestasjon på Borough Hill. Han vart i 1935 brukt for den første praktiske testen av eit radarsystem. Inntil 1992 stod det mange store antenner på åsen, men etter at sendestasjonen stengte det året har alle unntatt éin blitt fjerna. Den gjenverande antenna blir til brukt flykontroll.

Fram til 1950 var Daventry ein liten, landsens by, med omkring 6000 innbyggjarar. Veksten starta i 1954, då kulelagerprodusenten British Timken bygde ein stor fabrikk i byen. Ein ny vekstperiode kom i byrjinga av 1960-talet, då ein anla bustadområde for å huse folk som flytta frå Birmingham under ei stor byrenovering. Frå 1955 til 1975 vart folkesetnaden meir enn tredobla.

I 2004 fekk ein reklame for McDonalds blanda mottaking i byen. Ein person sa: «Eg har eit jobbintervju i Daventry; kor er det?», og fekk svaret: «Er du sikker på at du ikkje meiner Coventry?».

King's Quest[endre | endre wikiteksten]

Daventry er òg namnet på ein by i fantasidataspillet King's Quest, utan at det er nokre likskapar med den verkelege byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]