David A. Stewart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dave Stewart opptrer i Sydney i 2011.

David Allan Stewart (fødd 9. september 1952) er ein gitarist og musikkprodusent frå Sunderland i England. Han er særleg kjend frå samarbeidet sitt med Annie Lennox i duoen Eurythmics.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

The Tourists og Eurythmics[endre | endre wikiteksten]

David Stewart fekk platekontrakt allereie i tenåra som bandmedlem i folkrock-gruppa Longdancer, men gruppa slo aldri gjennom. Han flytte til London i 1970-åra, der han møtte Annie Lennox i 1975. Saman med Peet Combes, ein kjenning av Stewart frå Sunderland, starta dei pønkebandet The Catch, som snart skifte namn til The Tourists. I 1980 vart gruppa oppløyst, og Stewart og Lennox starta samarbeidet sitt med Eurythmics.

Eurythmics vart eit svært produktivt elektronika/pop-band, der Annie Lennox var vokalist og frontfigur, medan Stewart jobba. Dei heldt på frå 1980 til 1990, og gav ut heile åtte studioplater i denne tida. I 1990 skilde duoen lag, og dei starta etter kvart individuelle solokarrierar. På 1980-talet produserte Stewart album for m.a. Bob Geldof, Mick Jagger og Tom Petty and the Heartbreakers, og han vann prisen for beste produsent under BRIT Awards i 1986.

1990-åra[endre | endre wikiteksten]

Etter Eurythmics-tida har Stewart jobba med mange ulike samarbeidsprosjekt. Han fekk ein stor hit i 1990 med instrumentallåta Lily Was Here, der han akkompagnerte den nederlandske saksofonisten Candy Dulfer på gitar. Songen vart laga som soundtrack til den nederlandske filmen De Kassière. Same året flytte han til Frankrike og gav ut eit album med bandet The Spiritual Cowboys. Oppfylgjaralbumet Honest kom i 1991, og begge selde til gull i Frankrike.

I 1992 samarbeidde Stewart med Terry Hall i prosjektet Vegas, og dei gav ut ei plate med same namn. Plata forblei relativt ukjend, men singelen «Possessed» kom på den britiske topp 40-lista. To år seinare gav Stewart ut sitt fyrste soloalbum, som fekk tittelen Greetings from the Gutter. Singelen «Heart of Stone» hamna på topp 40-lista ein periode, og vart også kjend i Noreg. I 1998 gav han ut oppfylgjaralbumet Sly-Fi som var det fyrste albumet nokonsinne som berre vart gjeve ut på internett.

Etter at Peet Combes døydde i 1997, starta Stewart eit nytt samarbeid med Annie Lennox. Dei gav ut Eurythmics sitt niande studioalbum i 1999, og gav også nokre turnéar etter dette der inntektene gjekk til veldedige organisasjonar. Eit siste samlealbum med Eurythmics kom ut i 2005.

2000 til i dag[endre | endre wikiteksten]

I 2000 debuterte Stewart som filmregissør med den britiske komedien Honest, der medlemmene i All Saints var med. I 2002 samarbeidde Stewart med Nelson Mandela. Han omgjorde nummeret på fengselscella til Mandela på Robben Island til eit telefonnummer. Deretter spelte han inn ei rekkje songar med artistar som Bono og The Edge frå U2 samt Paul McCartney, og songane kunne berre høyrast når ein ringte nummeret 46664. Inntektene frå kampanjen gjekk til nedkjemping av HIV og AIDS i Sør-Afrika.

Stewart har også komponert to musikalar. Den fyrste, Barbarella (2004), var basert på filmen med same namn frå 1968, og hadde premiere i Wien. Den andre, Ghost, premierte i London i 2011.

Stewart har sidan 1990 også produsert album for Jon Bon Jovi, Bryan Ferry, Ringo Starr og Joss Stone. Frå 2004 har han vore involvert i samarbeidet Platinum Weird, saman med Kara DioGuardi. Bandet påstår på all info om seg sjølv at det eksisterte på 1970-talet, og at dette er eit comeback. I 2006 gav gruppa ut plata Make Believe, der dei seier dei har restaurert gamle opptak frå 1976. Ein dokumentarfilm om bandet har også blitt utgjeven, og sendt på VH1.

I 2008 gav han ut samleplata The Dave Stewart Songbook vol. 1, der han gjorde nyinnspelingar med m.a. Bono, og gjorde musikkvideoar med Barack Obama. David Stewart sitt siste soloalbum har fått tittelen The Blackbird Diaries, og kom ut i 2011. Same året blei han også med i supergruppa Super Heavy saman med m.a. Mick Jagger, Damian Marley og Joss Stone.

Personleg liv[endre | endre wikiteksten]

Stewart har vore gift tre gonger; fyrste gongen på 1970-talet. På 1980- og 90-talet var han gift med den irske musikaren Siobhan Fahey, frå gruppa Bananarama, og han har to born med henne. Dei vart skilde i 1996, og gifte seg på nytt i 2001 med nederlandske Anoushka Fisz. Dei har to born saman og bur i Hollywood.

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Dave Stewart and the Spiritual Cowboys
  • 1991: Honest (med the Spiritual Cowboys)
  • 1994: Greetings from the Gutter
  • 1998: Sly-Fi
  • 2008: The Dave Stewart Songbook vol. 1
  • 2011: The Blackbird Diaries

Kjelde[endre | endre wikiteksten]