David Abraham Bueno de Mesquita
David Abraham Bueno de Mesquita | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 23. mars 1889 Amsterdam |
Død |
12. desember 1962 (73 år) |
Yrke | kunstmålar, skribent, illustratør |
David Abraham Bueno de Mesquita på Commons |
David Abraham Bueno de Mesquita (23. mars 1889–12. desember 1962) var ein nederlandsk-jødisk figurativ biletkunstnar som hovudsakleg arbeidde med kunstmåleri og grafikk.
Liv[endre | endre wikiteksten]
David Abraham Bueno de Mesquita vart fødd i Amsterdam den 23. mars 1889 av foreldra Rebecca Lopes de Leao de Laguna og Jacob Bueno de Mesquita. Frå ca. 1906 studerte han ved Rijksnormaalschool voor tekenleraren i heimbyen, og deretter ved Akademie voor Beeldende Kunsten same stad i tida 1909–1913. Etter at han i 1913 mottok Prix de Rome for biletet «Jacob herkent het bebloede kleed van zijn zoon» (‘Jakob kjenner att den utblødde kappa åt son sin’), flytte han i 1914 til Roma og budde der ei tid. Han reiste seinare på studiereise til Madrid. I 1922 flytte han til Amsterdam att, og flytte så til Firenze i Italia i 1929, der han vart buande til han døydde der den 12. desember 1962.
Verk[endre | endre wikiteksten]
Bueno de Mesquita var ein figurativ biletkunstnar som arbeidde hovudsakleg med kunstmåleri (inkludert oljemåleri og akvarell), teikning og grafisk kunst (m.a. etsing og litografi); særleg innanfor sjangrane landskapsmåleri og portrett. Han illustrerte òg mange bøker.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Joods Historisch Muzeum - Bueno de Mesquita, David Abraham
- «D.A. Bueno de Mesquita» frå Nederlandsk Wikipedia