David Ben-Gurion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Ben-Gurion

Statsborgarskap Det russiske imperiet, Det osmanske riket, Palestinamandatet, Israel
Fødd 16. oktober 1886
Płońsk
Død

1. desember 1973 (87 år)
Ramat Gan, Jaffa

Yrke politikar, fagforeiningsleiar, sionist
Språk hebraisk, jiddisch, tyrkisk, polsk
Politisk parti Mapai, Rafi, National List
Medlem av Histadrut, Jewish National Council
Religion Jødedommen
Far Avigdor Ben Gurion
Ektefelle Paula Ben-Gurion
David Ben-Gurion på Commons
David Ben-Gurion i 1949.

David Ben-Gurion[1] (16. oktober 18861. desember 1973) var ein israelsk politikar, nasjonalhelt og den første statsministeren i landet (1948-1953, 1955-1963) for Det israelske arbeidarpartiet.

Ben-Gurion utropte den sjølvstendige staten Israel i Tel Aviv den 14. mai 1948.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Ben-Gurion vart fødd som David Grün i Płońsk i den russiske delen av Polen, og vart alt i unge år aktiv sosialist. I 1905 skipa han ein jødisk forsvarsorganisasjon, som reaksjon på pogromar, og han vart derfor fengsla. Året etter emigrerte han til Palestina, som var under osmansk herredøme, og der arbeidde han i jordbruket. Årsaka til innvandringa hans var at han i Polen stifta bekjentskap med den sionistiske rørsla.

I 1915 vart Ben-Gurion utvist frå Palestina, og han slo seg då ned i USA der han arbeidde etter si sosialistiske og sionistiske overtyding. Til hans engasjement då han budde i USA høyrer det at han skipa ein jødisk legion, som stridde på Storbritannia si side mot Tyrkia i 1918. Først i 1921 vende Ben-Gurion tilbake til Palestina, der han skipa Mapai, det sionistiske sosialdemokratiske partiet, som han vart leiar for i 1930. I 1935 vart han generalsekretær for Histadrut, i dag Israels LO. Dessutan deltok han i skipinga av det som skulle bli den israelske hæren, militsen Haganah.

FN hadde teke avgjerd om delinga av Palestina i 1947, vart Ben-Gurion leiar for Israels nasjonalråd, og året etter vart han leiar for Haganah.

Den 14. mai 1948 vart Ben-Gurion provisorisk statsminister for Israel. Attåt det var han landet sin forsvarsminister. Han leidde derfor krigen i 1948. Han oppmuntra òg aktivt jødisk innvandring til den nye staten.

I 1953-1955 verka det som at Ben-Gurion hadde forlate politikken for eit roleg liv på kibbutzen Sdeh Boker, men i februar sistnemnde året tiltredde han som forsvarsminister, og i november som statsminister. Han vart dermed den som leidde invasjonen av Egypt under Suezkrigen. I 1963 tok han avskjed frå regjeringa, og frå Knesset i 1970.

Med tida tok Ben-Gurion avstand frå den politiske utviklinga i Israel, prøvde å skipe eit sosialistisk opposisjonsparti som alternativ til Mapai, men drog seg til slutt tilbake til kibbutzen, der han døydde i 1973. Han blir sedd på som Israels grunnleggjar og landsfader, og som den som klarte å omsetje dei sionistiske utopiane til realitetar.

I ettertid er Ben-Gurion minna mange stader i Israel. Talrike vegar, Den internasjonale flyplassen Ben Gurion i Tel Aviv og Ben-Gurion-universitetet i Negev er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. hebraisk skrift דָּוִד בֶּן גּוּרִיּוֹן