David Bowie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Bowie
David-Bowie Chicago 2002-08-08 photoby Adam-Bielawski-cropped.jpg
Bowie i 2002.
Verkeleg namn David Robert Jones
Alias «The Dame»
«Thin White Duke»
«Ziggy Stardust»
Fødd 8. januar 1947 (67 år)
Instrument vokal, gitar, piano, tangentinstrument, saksofon, trommer, munnspel, koto, marimba, stylophone
Sjanger Rock
Hardrock
Glamrock
Soul
Dance
Eksperimentell musikk
Aktive år 1964 til i dag
Yrke Musikar, skodespelar og plateprodusent.
Nettside www.davidbowie.com

David Bowie (fødd David Robert Jones8. januar 1947) er ein engelsk songar og soloartist. Han har vore ei superstjerne innan populærmusikken i fem forskjellige tiår.

Han er kjend som kameleonen i populærmusikken; han har forutsett trendar og justerer stil og personlegdom deretter, samtidig som han held fast på sine eigne idear. Hans første skritt mot popularitet var med den folk-rock inspirerte Space Oddity i 1969, men han er betre kjend som den androgyne glamrockarenHunky Dory (1971), The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972) og Aladdin Sane (1973). På 1970-talet blanda han kunst, filosofi og litteratur inn i musikken og løfta pop- og rockemusikk til eit meir sofistikert nivå. I albuma han har gitt ut etter dette har han utforska soul, elektronika og new wave, ofte før desse sjangrane vart populære eller i det heile oppstod.

Bowie har òg arbeida som film- og teaterskodespelar, plateprodusent, musikkvideoregissør og kunstnar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

1947-1967: Dei tidlege åra[endre | endre wikiteksten]

David Robert Jones vart fødd i Brixton i London der han budde til han var om lag seks år gamal. Familien flytta så til Bromley i Kent (i dag ein del av Greater London). Han gjekk på skule ved Bromley Technical High School i Keston i Bromley og budde med foreldra til han var 18.

Under ein krangel om ei jente, slo George Underwood til Bowie i auget, og Bowie måtte halde seg borte frå skulen i åtte månadar, slik at han kunne få utført operasjonar for å hindre at han vart fullstendig blind på auget. Underwood og Bowie heldt fram med å vere gode vener, og Underwood laga seinare omslaga til fleire av dei tidlege platene til Bowie. [1] Operasjonane reparerte derimot ikkje skaden, og eine pupillen hans er derfor alltid heilt utvida, noko som får det til å sjå ut som om Bowie har to forskjellige augefargar.

Då han var 17 år, vart David Jones intervjua av BBC-programmet Tonight etter at han grunnla The Society for the Prevention of Cruelty to Long-haired Men.

Bowie har uttalt at det første musikalske målet han hadde var å bli saksofonist i Little Richard sitt band. Bowie starta som saksofonist, men vart oppdaga, ved tilfeldigheit, då han song for ein vokalist som ikkje hadde dukka opp i ein klubb i London. Han spelte i forskjellige bluesgrupper, som The King Bees, The Mannish Boys og The Lower Third i 1964-1966. Bowie tilpassa seg heile tida dei musikalske trendane, og låg stundom til og med føre desse. Den tidlegaste musikken hans skifta mellom blues og Elvis-liknande musikk, samtidig som han arbeida med fleire britiske popstilartar.

Bowie var påverka av dramastudia sine på denne tida - frå avantgarde teater og pantomime til Commedia del Arte — og i mykje av det musikalske arbeidet hans skapte han nye figurar. Den komande rockestjerna måtte etter kvart skifte namn for å ikkje verte forveksla med Davy Jones frå The Monkees, så han valde etternamnet Bowie etter Jim Bowie og den vidkjente Bowiekniven hans.

Bowie gav ut sitt første soloalbum i 1967 for Deram Records, som berre vart kalla David Bowie, ei blanding av psykedelisk rock og easy listening. Han gav òg ut singelen «The Laughing Gnome» med songen «The Gospel According to Tony Day» som b-side. Verken singelen eller albumet gjekk inn på listene. Albumet er i dag vanskeleg å få tak i, men songane på plata er seinare gjeve ut på forskjellige samleplater.

I 1967 skreiv derimot Bowie ein song, «Over the Wall We Go», for artisten Oscar (eit tidleg scenenamn for musikalartisten Paul Nicholas), som vart ein liten hit.

1969-1973: Psykedelisk folk til glamrock[endre | endre wikiteksten]

Den første suksessen til Bowie kom i 1969 med singelen «Space Oddity». Denne balladen fortel historia om Bowie sin første figur, Major Tom, som var ein astronaut som forsvann i verdsrommet. Singelen vart ein hit i Storbritannia, og var og finne på albumet Man of Words, Man of Music i 1969. I USA vart dette albumet forvirrande nok kalla David Bowie, det same som debutalbumet. I 1972 vart dette albumet gjeve ut på ny med namnet Space Oddity, som inneheld fleire akustiske viser og folkrock.

19. mars 1970 gifta Bowie seg med Mary Angela Barnett i Kent i England. Seinare same året kom albumet The Man Who Sold the World, der Bowie forlet den akustiske gitaren til fordel for tung rock i lag med gitaristen Mick Ronson, som medverka mykje på Bowie sine album til ut 1973. Mykje av dette albumet er i liknande stil som den britiske hardrocken på denne tida, men Bowie sette sitt eige preg på musikken, mellom anna på tittelsporet som har eit latinsk lydbilete.

Tittelsporet vart òg ein hit for den britiske popsongerinna Lulu, og har vorte spelt av mange andre grupper i etterkant, mellom anna Nirvana. Det opphavlege omslaget til plata hadde eit bilete av Bowie tilbakebøygd i ein kjole, ein tidleg indikasjon på Bowie si interesse for androgyn utsjånad.

Den neste plata hans, Hunky Dory, kom i 1971, og Bowie vandra frå tung hardrock til pop med songar som den snodige «Kooks» (dedisert til den nyfødde sonen hans Duncan Zowie Bowie (som i dag kallar seg Duncan Jones)), «Oh! You Pretty Things», den halvvegs sjølvbiografiske «The Bewlay Brothers» og den buddhismepåverka «Quicksand». Her er òg tre songar som direkte omhandlar tre personar som Bowie sjølv var påverka av med «Song for Bob Dylan», «Andy Warhol» og «Queen Bitch» (for Velvet Underground). Sist, men ikkje minst, inneheld albumet dei to hitsinglane «Changes» og «Life on Mars?». Hunky Dory vart derimot ikkje i seg sjølv ein hit, men la grunnlaget for det som snart skulle løfta Bowie opp til dei største rockestjernene.


Bowie sin androgyne utsjånad vart tatt eit steg vidare i juni 1972 med konseptalbumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars, som fokuserte på karrieren til ei utanomjordisk rockestjerne. Albumet er eit steg i retninga mot hardrock-stilen på The Man Who Sold the World, men kjensla er lettare og raskare, og var typisk for glamrock som Marc Bolan bana veg for. Mange av songane på albumet er i dag rockeklassikarar, som «Ziggy Stardust», «Moonage Daydream», «Hang on to Yourself» og «Suffragette City».

Bowie sin Ziggy Stardust-figur vart grunnlaget for den første turnéen hans i 1972, der Bowie farga håret sitt flammande raudt og gjekk med fasjonable klede. Med seg på turnéen hadde han tre musikarar, som representerte «The Spiders from Mars», og inkluderte Mick Ronson på gitar, Trevor Bolder på bass og Mick Woodmansey på trommer. Albumet spratt opp på femteplass på albumlista i Storbritanna etter at singelen «Starman» gjekk opp til tiandeplass. Plata gjorde Bowie til ei stjerne, og raskt etter steig albumet Hunky Dory til tredjeplass på albumlista, og gjekk dermed forbi Ziggy Stardust. Samtidig gjekk singelen «John, I'm Only Dancing», som ikkje var med på albumet, opp til 12. plass, medan songen «All the Young Dudes» som Bowie skreiv og gav til Mott the Hoople gjekk opp til tredjeplass. Bowie produserte òg denne songen.

Samtidig som Bowie turnérte med Ziggy Stardust, så slo den tidlegare frontfiguren frå Velvet Underground, Lou Reed, gjennom med si plate Transformer, som vart produsert av Bowie og Ronson. Same året kom Iggy Pop og bandet hans The Stooges inn under same managerselskap som Bowie, MainMan Productions, og spelte inn sitt siste album Raw Power i London. Sjølv om Bowie ikkje var med på innspelinga, miksa han seinare plata.

The Spiders from Mars kom saman igjen i 1973 og laga albumet Aladdin Sane, eit anna konseptalbum om oppløysinga av samfunnet. Dette vart det første albumet til Bowie, som gjekk til topps i Storbritannia. Bowie skreiv alle songane til albumet på den amerikanske delen av Ziggy Stardust-turnéen. På omslaget til plata kan ein sjå Bowie med raudt hår, og eit raud-, svart- og blåfarga lyn i andletet, og dette er eit av dei mest vidkjende plateomslaga i rockehistoria. Aladdin Sane inneheldt hittane «The Jean Genie» og «Drive-In Saturday», i tillegg til ei utgåve av The Rolling Stones sin «Let's Spend the Night Together». Mike Garson vart hyrt inn på piano på albumet, og framføringa hans er ofte trekt fram som høgdepunktet på plata. Dei siste ti åra har Garson spela mykje i lag med Bowie, både på plater og konsertar.

Bowie heldt fram med Ziggy Stardust-turneen i 1973 med songar frå både Ziggy Stardust og Aladdin Sane, i tillegg til enkelte tidlegare songar som «Changes» og «The Width of a Circle», der Bowie brukte til dels sjokkerande scenerørsler, som til dømes å simulere oralsex med Ronson sin gitar. Bowie tok figuren ut til det ekstreme, og turnerte og gav pressekonferansar som Ziggy Stardust, før han brått avslutta turneen og «karrieren» til Ziggy Stardust ved Hammersmith Odeon i London i 1973. Før siste song seier han til publikum: «Not only is this the last show of the tour, but it's the last show that we'll ever do», noko ein kan høyre på konsertalbumet Ziggy Stardust - The Motion Picture.

Pin Ups, ei samling av Bowie sine versjonar av 1960-talssongar, vart gjeve ut i 1973 og nådde tredjeplass på den britiske albumlista, medan singelen «Sorrow» frå albumet gjekk heilt til topps. Dette gjorde David Bowie til den mestselgande artisten i Storbritannia i 1973. På denne tida var derimot The Spiders from Mars for lengst oppløyst, og Bowie prøvde å forlate Ziggy-personen.

Fleire av dei tidlegare albuma til Bowie vart òg gjeve ut på nytt, og songen «Life on Mars?» frå Hunky Dory vart gjeve ut på singel, og nådde tredjeplass i Storbritannia i 1973. Same året kom òg songen «The Laughing Gnome» frå debutalbumet på singel, og denne nådde sjetteplass.

Den androgyne utsjånaden og scenepersonlegdommen til Bowie selde plater, men populariteten hans i den homoseksuelle kulturen og rørsla for homofile rettar skapte kontrovers både i Storbritannia (der homoseksualitet berre hadde vore lovleg sidan 1967) og i USA. Bowie fortalte i eit intervju i 1972 at han var biseksuell, men har seinare trekt dette tilbake.

1974-1976: Soul, R&B, og The Thin White Duke[endre | endre wikiteksten]

I 1974 kom det nok eit ambisiøst album, kalla Diamond Dogs. Diamond Dogs kom av to forskjellige idear. Ein musikal basert på ei framtid i ein post-apokalyptisk by, og musikk basert på George Orwell sin roman 1984 (songane «1984», «Big Brother» og «We are the Dead»).

Bowie planla òg å lage ein film av albumet, men kom aldri så langt. Han har fortalt seinare at det vart filma ein scene av eit blodbad med folk på rulleskøyter. Bowie planla faktisk å lage ein musikal av 1984, men interessa forsvann då det viste seg vanskeleg å få lisensiering for romanen, og han brukte songane han alt hadde skrive for Diamond Dogs.

Albumet, og eit fjernsynsprogram på amerikanske NBC kalla 1980 Floor Show, som vart sendt på same tid, viste at Bowie var på veg mot soul- og funkmusikk, noko songen «1984» er eit døme på. Albumet gav hitsinglar som «Rebel Rebel» (femteplass i Storbritannia) og «Diamond Dogs» (21. plass i Storbritannia), og sjølve albumet gjekk heilt til førsteplass på den britiske albumlista, noko som gjorde Bowie til den mesteselgande artisten i heimlandet to år på rad. Albumet gjorde det òg bra i USA, der det gjekk opp til femteplass.

Bowie la ut på ein omfattande turné i Nord-Amerika etter albumet, som varte frå juni til desember 1974. Her vart det brukt overdådige, teatralske spesialeffektar og koreografi (av Toni Basil), og heile sceneproduksjonen braut med vanlege rockekonsertar ved at det ikkje vart spelt ekstranummer. Turneen vart filma av Alan Yentob for dokumentaren Cracked Actor.

Eit konsertalbum, kalla David Live, vart gjeve ut, og Bowie uttalte at albumet burde vore kalla «David Bowie Is Alive and Well and Living Only In Theory», noko som sannsynlegvis refererer til den psykologiske tilstanden hans under denne ville perioden. Albumet gjekk opp til andreplass i Storbritannia (og åttandeplass i USA) og styrkte posisjonen hans som superstjerne. Singelen «Knock on Wood» vart gjeve ut, og nådde tiandeplass i Storbritannia.

Etter dei første konsertane kasta Bowie bort dei fleste sceneeffektane, og etter sommarpausen i turneen i Philadelphia, der han spelte inn nye songar, passa ikkje lenger lydbiletet på Diamond Dogs. Bowie avlyste resten av turneen og gjorde endringar i bandet, før han igjen la ut på det han kalla Philly Dog-turneen i oktober.

For Ziggy Stardust-tilhengjarar som ikkje hadde oppdaga soul og funk, som allereie var til stades i Bowie si siste plate, vart det «nye» lydbiletet eit brått og sjokkerande steg. I 1975 kom albumet Young Americans der Bowie utforska såkalla Philly soul (soul frå Philadelphia), men han sjølv kalla lydbilete «plastikksoul». Albumet inneheld hitsingelen «Fame», som vart skriven i lag med John Lennon, og ein av Bowie sine gitaristar Carols Alomar. Songen var basert på eit gitarriff som Alomar utvikla då dei spelte ein versjon av The Fares sin song «Footstompin'», som dei spela på konsertar i denne perioden. Ein av koristane på albumet var den då ukjende Luther Vandross, som òg var medlåtskrivar på enkelte av songane på Young Americans. Songen «Win» hadde eit hypnotisk gitarriff som Beck seinare stal på sin song «Debra» frå albumet Midnight Vultures. Sjølv om Bowie omtalte musikken sin som «plastikksoul», vart han ein av dei få kvite artistane som opptredde på det populære programmet Soul Train. På ein TV-opptreden på The Dick Cavett Show virka Bowie paranoid, noko som bekrefta ryktet om kraftig kokainbruk på denne tida.

Young Americans førte til at Bowie verkeleg vart ei stor stjerne òg i USA, sjølv om albumet ikkje kom høgare enn niandeplass, men det heldt seg på listene dobbelt så lenge som Diamond Dogs. Samtidig gjekk albumet opp til førsteplass i heimlandet, og det same gjorde ei nyutgjeving av singelen «Space Oddity».

I 1976 kom Station to Station, som omhandla Bowie som ein mørkare soulfigur kalla The Thin White Duke. Visuelt likna figuren på Thomas Jerome Newton, figuren Bowie spelte i filmen The Man Who Fell to Earth. Station to Station var eit overgangsalbum mellom funk- og soulmusikken på Young Americans og den Krautrock- og synthesizerbaserte musikken på dei neste platene hans. Bowie var på denne tida svært avhengig av narkotika, og særleg kokain, og mange anmeldarar har tilskrive den oppstykka rytmen og kjenslemessige likesæla til kokainmisbruket. På denne tida vart Bowie kjenslemessig forstyrra og stormannsgal.

Det vart ein ny stor turné i 1976, Station to Station World Tour, det det vart brukt svært sterke og kvite lys som gjorde sterke inntrykk på dei nye songane, som den dramatiske «Station to Station», den romantiske balladen «Word on a Wing» og dei funky songane «TVC 15» og «Stay». Kjernen i turnébandet var rytmegitaristen Carlos Alomar, bassisten George Murray og trommisen Dennis Davis, og desse tre var med i bandet til Bowie fram til 1980.

Albumet nådde tredjeplass i USA, det høgaste han kom der nokon gong, og singelen «Golden Years» vart ein stor hit på begge sider av Atlanteren. Kommersielt var Bowie på topp, men vitet hans var det ikkje, på grunn av stadig aukande kokainbruk, og han tok fleire overdosar i løpet av året. Samtidig kom han med fleire kontroversielle utsegner, der han mellom anna hylla Hitler, og refererte til han som den første rockestjerna på grunn av sitt scenetekke, og samanlikna han med Mick Jagger. I tillegg sa han at «Storbritanna var klar for ein facistisk leiar.» Han forklarte seinare at det var skilnad på å «vere klar» for ein, og «trenge» ein.

Bowie kan ha med utsegna si ha meint at han var fengsla av Hitler si evne til å suggere ei menneskemengd, og ikkje til menneskesynet hans. Utsegna vart derimot etterfulgt av eit biletet av Bowie i ein open Mercedes, der det kan sjå ut som han gjer ei nazihelsing ved Victoria Station i London. Bowie har seinare uttalt at han aldri ville vere så «tåpeleg» at han vil gjere ei nazihelsing, og at fotografen berre tok bilete av han medan han vinka til tilhengjarane. Denne hendinga, i lag med rasistiske utsegner frå Eric Clapton, var med på å starte rørsla Rock Against Racism. Seinare har Bowie beklaga sine «fascistiske» utsegner, og skulda på kokainmisbruket.

1976-1980: Berlinperioden[endre | endre wikiteksten]

Bowie hadde ei aukande interesse for tysk musikk, og i lag med den aukande narkotikabruken førte dette han til Berlin for å avruse seg og starte på ny. Han tok med seg venen Iggy Pop, og dei delte eit husvære i lag. I tillegg til å lage tre av sine eigne album i lag med produsenten Tony Visconti, hjelpte han Iggy Pop tilbake til musikkverda og var med å skreiv dei to første soloplatene hans, The Idiot og Lust for Life.

I tillegg var Bowie med Pop som turnémusikar på våren 1977, der han spelte tangentar og song harmonivokal. Gruppa spelte i Europa og USA frå mars til april.

Station to Station var med på å bane veg mot albumet Low, det første av tre album som vart laga i lag med Brian Eno, som ikkje var produsent på albuma, som mange trur. Plateomslaga viser at det berre var Bowie og Tony Visconti som var produsentane på albuma. Eno var medlåtskrivar, spelte tangentinstrument og utvikla strategiar. Bowie sa i 2000 at «Gjennom åra har ikkje Tony Visconti fått nok ros for arbeidet han gjorde på dei albuma. Lydbilete og kjensla i alt frå trommene til korleis vokalen min vart spelt inn er Tony Visconti».

Visconti sa på den tida at Bowie ville spele inn eit musikkalbum som skulle verte særs kompromisslaust og vise korleis han kjende seg. Bowie brydde seg ikkje om kor vidt han fekk ei ny hitplate eller ikkje, og innspelinga kunne verte så uvanleg at det ikkje ein gong var sikkert at dei vart gjeve ut.

Bowie var mykje påverka av Krautrock-lyden til Kraftwerk og Neu!, i tillegg til minimalisten Steve Reich. Bowie reiste til Neunkirchen nær Köln for å møte den vidkjende tyske produsenten Conny Plank. Conrad Plank vart rekna som ein banebrytande produsent for tysk rock, men var ikkje interessert i å arbeide med Bowie. Bowie og laget hans gjorde då alt på eiga hand, og lagde nye songar som var relativt enkle og repeterande. Low vart laga i 1976 og gjeve ut tidleg i 1977, og inneheldt ein overraskande hitsingel kalla «Sound and Vision», som gjekk til tredjeplass i Storbritannia. Low er kjend for å vere føre for si tid, og mange reknar albumet som eit av dei beste Bowie-albuma.

Innspelinga av Low vart gjort på ein måte som Bowie framleis praktiserer. Det meste av bandet var berre i studio dei første fem dagane, og etter dette vart Eno, Alomar og gitaristen Ricky Gardiner igjen for å legge på fleire spor. Til slutt var det berre Bowie, Visconti og studioteknikarane igjen, medan Bowie skreiv tekstane og spelte inn vokalen.

Den neste plata , "Heroes", hadde eit liknande lydbilete som Low, men var litt meir tilgjengeleg. Kjensla i desse platene passar tidsånda til den kalde krigen, symbolisert av den delte byen som som var ei av inspirasjonskjeldene til plata. Tittelsporet er ein av dei mest kjende songane til Bowie, ei klassisk kjærleikssoge om to kjærestar som møter kvarandre ved Berlinmuren.

I 1977 var Bowie med på fjernsynsshowet Marc, der programleiaren var Marc Bolan, som var ven av Bowie og ein banebrytar innan glamrock med bandet T. Rex. Bowie viste seg å verte den siste gjesten på showet fordi Bolan omkom i ei bilulykke like etter. Bowie var ein av mange superstjerner som var i gravferda.

I jula 1977 spelte Bowie inn julesongen «Little Drummer Boy» i lag med Bing Crosby, som Bowie beundra. Ein månad etter innspelinga døydde Crosby, og fem år seinare vart songen gjeve ut på singel og vart ein hit verda over. Bowie sa spøkefullt seinare at han var redd for å vere gjesteartist fordi «alle han trefte der døydde ein månad seinare».

Det vart ein omfattande turné i 1978, med musikk frå både Low og "Heroes". Ein av konsertane vart gjeve ut på albumet Stage. Songar frå både Low og "Heroes" vart seinare omgjort til symfoniar av minimalisten Phillip Glass. I 1978 fortalte òg Bowie Sergej Prokofiev sin Peter and the Wolf (Peter og Ulven) på plate.

Lodger kom i 1979 og var det siste albumet i Bowie sin såkalla Berlintriologi. Det inneheldt singlar som «Boys Keep Swinging», «DJ» og «Look Back in Anger», og i motsetnad til dei to føregåande albuma, inneheld det ikkje instrumentalar. Albumet er derimot kjend for å innehalde ei vridd blanding av new wave og verdsmusikk, og songar som «African Night Flight» og «Yassassin» var uvanlege sjølv for Bowie å vere. Plata inneheld derimot songar som vart komponert ved å bruke uvanlege komposisjonsteknikkar av Bowie og Eno. «Boys Keep Swinging» vart utvikla ved at bandmedlemmane bytta instrument med kvarandre, og «Move On» inneheld ein baklengsversjon av refrenget til «All the Young Dudes», som Bowie skreiv tidlegare.

I 1980 brukte Bowie alt han hadde lært i Berlin og laga albumet Scary Monsters (and Super Creeps), som inneheld hitten «Ashes to Ashes». Biletbruken Bowie brukte i musikkvideoen til songen viste den nyromantiske undergrunnsrørsla for resten av verda. Videoen er rekna for å vere ein av dei mest banebrytande og innovative muskkvideoane gjennom tidene.

Sjølv om Scary Monsters er ei vidareføring av berlinperioden til Bowie, vart plata rekna som å vere meir direkte både musikalsk og tekstmessig, truleg som følgje av den store omforminga Bowie hadde gjennomgått i Berlin. Bowie hadde skilt seg frå kona Angie, gjeve opp narkotika, og endra oppfatinga si totalt om korleis musikk skulle lagast. Albumet flyttar seg mot hardrock med mange musikalske nyskapingar, med mellom anna framtredande gitar frå Robert Fripp (King Crimson) og Pete Townshend (The Who). Singelen «Ashes to Ashes» nådde førsteplass i mange land, inkludert heimlandet. Samtidig arbeida Bowie som ElefantmannenBroadway i løpet av ein periode på tre månadar. [2]

1980-1989: Superstjerna Bowie[endre | endre wikiteksten]

I 1981 gav musikkgruppa Queen ut singelen «Under Pressure», som var skriven og spelt inn i lag med Bowie. Songen vart ein stor hit, og var Bowie sin tredje og Queen sin andre nummer ein-singel i Storbritannia. Same året gjorde Bowie ei rolle som seg sjølv i den tyske filmen Christiane F. Wir Kinder vom Bahnhof Zoo, som var ei sann historie om den 13 år gamle jenta i Berlin som vart avhengig av heroin og enda opp som prostituert. Bowie er kreditert med «spesielt samarbeid» og musikken hans vert brukt gjennom heile filmen. Filmmusikken vart gjeven ut i 1982 og inneheld songen «Heroes» sunge delvis på tysk.

Bowie fekk så sin definitive kommersielle kjempesuksess med Let's Dance i 1983, ei glatt danseplate som vart produsert i lag med Nile Rodgers frå CHIC. Dette vart noko heilt anna enn Scary Monsters, noko Bowie fekk ein del kritikk for. I staden for å gjere opprør mot 80-tals dansemusikk, vart han i staden ein del av det. Tittelsporet gjekk til topps i mange land, inkludert USA og Storbritannia, og vert i dag rekna som ein klassikar.

Albumet inneheld òg singlane «Cat People», «Modern Love» og «China Girl». Musikkvideoen for «China Girl» skapte litt oppstyr på grunn av nakenscenar. Songen vart opphavleg skrive i lag med Iggy Pop for albumet hans The Idiot. Bowie har seinare fortalt at årsaka til at han spelte inn denne songen på nytt var for å hjelpe Iggy Pop økonomisk. Let's Dance vart òg springbrett vidare for gitaristen Stevie Ray Vaughan, som spelte på albumet. Han skulle òg vere med på den påfølgjande turnéen Serious Moonlight Tour, men på grunn av ein krangel om betaling vart Vaughan bytta ut med Earl Slick. The Simms Brothers Band spelte òg på plata og konsertane. Turnéen vart ein stor suksess.

Oppfølgjaren kom i 1984 med Tonight, og følgde opp stilen på Let's Dance. Plata inneheldt samarbeid med Tina Turner og ein ny versjon av The Beach Boys sin song «God Only Knows». Kritikarane kalla det latmannsarbeid, og hevda Bowie rett og slett prøvde å lage ei ny Let's Dance. Albumet gav likevel ein hit med songen «Blue Jean», som kom i lag med ein 22 minutt lang kortfilm regissert av Julien Temple, som gav Bowie ein Grammy-pris. Plata inneheldt òg singelen «Loving the Alien», og nyinnspelingar av to songar Bowie skreiv i lag med Iggy Pop, «Neighborhood Threat» og «Tonight» frå albumet Lust for Life.

I 1985 spelte Bowie fleire av sine største hittar på Wembley for Live Aid. På konserten vart det òg vise ein video av ein duett mellom Bowie og Mick Jagger på songen «Dancing in the Street». Songen vart òg gjeve ut på singel og gjekk raskt inn på førsteplass.

Same året arbeida Bowie i lag med Pat Metheny Group på songen «This Is Not America», som vart brukt og hadde ei sentral rolle i filmen The Falcon and the Snowman.

I 1986 laga Bowie på eiga hand temaet til filmen Absolute Beginners. Filmen gjorde det ikkje så bra, men singelen gjekk opp til andreplass i Storbritannia, og Bowie hevda i fleire år at det var den beste og mest profesjonelle songen han hadde skrive. Han gjorde òg ei rolle i filmen Labyrinth av Jim Henson som Jareth, the Goblin King, som stel litlebroren til ei jente kalla Sarah (spelt av Jennifer Connelly), for å gjere han om til ein «goblin». Bowie skreiv songar for filmen, og nokre av desse vart gjeve ut på singel.

Bowie sitt siste popalbum var Never Let Me Down i 1987, der han gjekk bort frå den lette dansemusikken på dei to førre albuma, og i staden produserte tyngre rock ein kunne dansa til. Album gjekk «berre» opp til sjetteplass i Storbritannia, og fekk generelt dårlege kritikkar i pressa i tillegg til at det selde dårleg. Bowie har seinare orsaka den dårlege kvaliteten på albumet, medan andre meiner at fleire av songane er undervurdert og hadde vore mykje betre med ein annan produksjon. Mange ser på dette albumet som Bowie sitt dårlegaste nokon gong.

30. mai 1987 opna Bowie turnéen Glass Spider Tour, der han gjorde 86 konsertar i 15 land. Her hadde han med seg Carlos Alomar (gitar), Peter Frampton (sologitar), Carmine Rojas (bass), Alan Childs (trommer), Erdal Kizilcay (tangentinstrument, trompet, conga, fiolin) og Richard Cottle (tangentinstrument og saksofon), i tillegg til ei rekkje dansarar.

Enkelte kritikarar kalla turneen overprodusert, og at det var ingen som fekk med seg alle spesialeffektane og dansarane, som forsvann på desse store stadiumkonsertane. Dei som fekk med seg konsertane fekk derimot sjå Bowie spele mange av klassikarane sine. I august 1988 spela Bowie Pontius Pilatus i Martin Scorsese-filmen The Last Temptation of Christ. [3]

1989-1991: Tin Machine[endre | endre wikiteksten]

I 1989, for første gong sidan tidleg på 1970-talet, danna Bowie eit band kalla Tin Machine, eit hardrock/grønsj-band i lag med Reeves Gabrels, Tony Sales og Hunt Sales. Tin Machine gav ut to studioalbum og eit konsertalbum. Bandet fekk blanda kritikkar i pressa, og ein noko lunken mottaking av publikum. Bandet vart derimot starten på samarbeidet mellom Bowie og Gabrels.

Det første albumet Tin Machine frå 1989 vart derimot populært og nådde tredjeplass i Storbritannia. Bandet la ut på ein verdsturné. Sjølv om bandet oppnådde ein viss suksess var Bowie frustrert over at mange av ideane hans enten vart vraka eller endra av bandet.

Bowie byrja ein stadiumturné i 1990 der han stort sett berre spelte sine største hittar. «Sound + Vision Tour» (kalla opp etter ein av singlane på Low) trekte til seg store publikum, kanskje delvis på grunn av at Bowie erklærte at dette var siste gong han nokon gong skulle spele desse songane. Han heldt derimot ikkje dette løftet, og spelte seinare fleire av desse songane igjen, men ofte med anna arrangement enn tidlegare.

Bowie fekk meir negativ presseomtale med Tin Machine si andre plate, Tin Machine II i 1991. Omslaget viste fire nakne statuar, noko som skapte oppstyr i USA. Etter dette albumet og konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby frå 1992 (som vart ein fiasko) var Bowie lei av å arbeide i eit band der han ikkje kunne få utfolde seg fritt. Bowie lærte derimot noko under denne perioden, og viste eit ønske om å arbeide hardare med musikken enn å oppnå kommersiell suksess. Seinare har kritikarar oppdaga at Tin Machine sin musikk hadde mange likskapstrekk både stilmessig og melodisk til grønsjrørsla som kom med Nirvana i 1991. Dagbøker av Kurt Cobain har seinare vist at han tykte om både Bowie og Tin Machine.

1992-1999: Hip hop og industriell musikk[endre | endre wikiteksten]

I 1992 framførte Bowie hittane «Heroes» og «Under Pressure» (med Annie Lennox) på konserten til hyllest for Freddie Mercury, og året etter kom albumet Black Tie White Noise, som var ei stilblanding av soul, jazz og hip hop. Plata vart produsert av Nile Rodgers, som òg produserte Let’s Dance. Sjølv om enkelte kritikarar meinte albumet var mykje betre enn Let’s Dance, var tilhengjarane meir usikre. To singlar frå albumet, «Jump They Say» og «Miracle Goodnight», gjekk likevel til topps på singellista i Storbritannia.

I 1993 lagde Bowie òg musikken for fjernsynsserien The Buddha of Suburbia, og gav ut eit album med same namn. Her tok Bowie ei ny musikalsk retning, men plata inneheldt framleis element frå Black Tie White Noise. Plata er Bowie sin personlege favoritt, og vart så pass populært at det etter kvart vart gjeve ut i resten av verda.

I 1995 starta Bowie på det ambisiøse og industrielle prosjektet Outside, som opphavlege skulle vere første del av ei rekkje plater som omhandla ei soge om kunst og mord. Bowie samarbeida med Brian Eno på plata. Albumet inneheldt singlane «Hallo Spaceboy» og «The Heart’s Filthy Lesson», som var med på å føre Bowie tilbake i det musikalske rampelyset. Med på plata spelte òg gitaristane Reeves Gabrels og Carlos Alomar, som begge hadde samarbeida med Bowie tidlegare.

I september 1995 starta Bowie turnéen Outside Tour. Bowie valde Nine Inch Nails som partnar på turneen, eit trekk som vart latterleggjort av både tilhengarar og presse. Turneen selde derimot dårleg, og vart til slutt avlyst. Trent Reznor, frontfigur i Nine Inch Nails, samarbeida derimot ein del med Bowie i åra etterpå og lagde remixar av singlane «The Heart’s Filthy Lesson» og «I’m Afraid of Americans»

17. januar 1996 vart David Bowie tatt opp i Rock and Roll Hall of Fame, presentert av Madonna og David Byrne.[4]

I 1997 kom albumet Earthling, som fekk nokre av dei beste anmeldingane Bowie hadde hatt sidan tidleg på 1980-talet. Plata var ei blanding av drum and bass, techno og rock, og inkluderte singelen «Telling Lies», som vart den første singelen nokon gong som vart gjeve ut på Internett. Andre singlar var «Little Wonder», «Seven Years in Tibet», «Dead Man Walking» og «I’m Afraid of Americans». Videoane til fleire av desse singlane vart mykje vist på slutten av 1990-talet.

9. januar 1997 heldt Bowie ein konsert i Madison Square Garden i New York City for å feire 50-årsdagen sin (som var to dagar før). Her hadde han med seg fleire gjesteartistar, inkludert Billy Corgan, Frank Black, Sonic Youth, Robert Smith frå The Cure, Brian Molko og Lou Reed.

I 1998 kom filmen Velvet Goldmine av Todd Haynes, som tok tittelen sin frå ein av songane Bowie laga i Ziggy-perioden, og filmen inneheld mange parallellar til Bowie sitt liv både på og utanfor scenen. Forholdet mellom dei to hovudrollene, Curt Wild (spelt av Ewan McGregor) og Brian Slade (spelt av Jonathan Rhys-Meyers) var laust basert på Iggy Pop og David Bowie på 1970-talet. Filmen sin tagline var «The rise of a star ... the fall of a legend» og referer til albumet «The Rise and Fall of Ziggy Stardust».

1999 til i dag: Klassisisten Bowie[endre | endre wikiteksten]

I 1998 vart Bowie gjenforent med Tony Visconti for å spele inn songen «Sky Life» for filmen om Rugrats. Sjølv om songen verken vart brukt i filmen eller gjeve ut på albumet frå filmen, førte gjenforeninga til eit nytt samarbeid som skulle var fleire år.

'hours...' kom i 1999, og inneheldt dei fleste songane som Bowie og Gabrels hadde laga for dataspelet Omikron: The Nomad Soul. Bowie, og kona hans Iman, hadde begge roller i spelet, og medverka med stemmer. På plata var òg songen «What's Really Happening», der teksten var skrive av Alex Grant, som vann ein tekstkonkurranse på Internet der premien var at teksten vart brukt på songen. Albumet fekk igjen gode notisar i pressa. Bowie planla òg albumet Toy like etter, som skulle innhalde nye utgåver av Bowie sin tidlegaste songar, i tillegg til tre nye songar. Nokre av songane vart gjeve ut på seinare prosjekt, men sjølve albumet vart aldri gjort ferdig.[5]

På 1990-talet lanserte Bowie sin eigen tenesteytar for Internett (BowieNet), og samtidig lanserte han eit uvanleg obligasjonssystem for å tene pengar på framtidige platesalg kalla Bowie Bonds.

Restane av plateprosjektet Toy vart albumet Heathen i 2002, som hadde eit forholdsvis mørkt og atmosfærisk lydbilete. Dette vart Bowie sitt mest populære album på mange år. Singlane «Slow Burn», «I've Been Waiting for You» (ein Neil Young-song) og «Everyone Says Hi» vart gjeve ut med mange b-sider frå Toy-innspelingane i tillegg til «Safe», som var ei omarbeiding av «Sky Life». Songane «Afraid» og «Uncle Floyd» (som fekk namnet «Slip Away») frå Toy, vart gjeve ut på sjølve albumet.

I 2003 rapporterte den britiske avisa Sunday Express at Bowie var den nest rikaste artisten i Storbritannia (bak Sir Paul McCartney) med ein estimert formue på 3,3 milliardar kroner, medan Sunday Times i 2005 nedjusterte dette til litt over 600 millionar kroner.

I september 2003 gav Bowie ut albumet Reality, og la ut på ein omfattande turné det følgjande året, men turneen vart avlyst etter ein konsert i Scheeßel i Tyskland 25. juni 2004, då han fekk smerter i brystet. Det viste seg å vere ei blokkert arterie, og det vart raskt utført ein operasjon.[6] Under turneen spelte Bowie både i Bergen og i Oslo, og under konsterten i Oslo kasta nokon ein kjærleik på pinne på auga hans. Bowie skal ha stoppa konserten og ropt: «Wanker! You fucking wanker!», før han heldt fram med konserten. [7]

Ein konsert-DVD vart gjeve ut i 2004 kalla A Reality Tour, som inneheld mange songar frå Bowie si lange karriere.

Bowie har tatt det med ro dei siste åra etter hjarteoperasjonen, men jobba på små prosjekt. I 2005 spelte han inn songen «(She Can) Do That» i lag med Brian Transeau for filmen Stealth. I april 2005 fortalte regissør Darren Aronofsky at Bowie arbeida med ei rockeopera-utgåve av teikneserien Watchmen.[8]

I september 2005 kom Bowie tilbake på scenen i lag med The Arcade Fire der han song på songen deira «Wake Up» i tillegg til sin eigen «Five Years». Eit par dagar seinare gjorde han ein ny gjesteopptreden der han song «Queen Bitch». Same året medverka han på albumet No Balance Palace av det danske bandet Kashmir. Albumet var produsert av Tony Visconti. I tillegg song Bowie ein song på Lou Reed si plate The Raven.

2006 var nok eit roleg år for Bowie, men han gjorde ein overraskande gjesteopptreden på ein David Gilmour-konsert 29. mai 2006 ved Royal Albert Hall i London, der han song songane «Arnold Layne» og «Comfortably Numb». Tidlegare på året fekk David Bowie prisen Grammy Lifetime Achievement Award. I november spelte Bowie i lag med Alicia Keys i New York, der dei gjorde ein duett på «Changes». I tillegg framførte Bowie songane «Wild is the Wind» og «Fantastic Voyage».

8. januar 2013, på 66-årsdagen hans, vart det på nettstaden hans annonsert ein ny song, «Where Are We Now?», med påfølgjande musikkvideo. Samstundes vart det annonsert eit nytt album, The Next Day som skulle kome ut 8. mars 2013.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  1. David Bowie (1967)
  2. Space Oddity (1969)
  3. The Man Who Sold the World (1970)
  4. Hunky Dory (1971)
  5. The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars (1972)
  6. Aladdin Sane (1973)
  7. Pin Ups (1973)
  8. Diamond Dogs (1974)
  9. Young Americans (1975)
  10. Station to Station (1976)
  11. Low (1977)
  12. "Heroes" (1977)
  13. Lodger (1979)
  14. Scary Monsters (and Super Creeps) (1980)
  15. Christiane F. (1981)
  16. Let's Dance (1983)
  17. Tonight (1984)
  18. Never Let Me Down (1987)
  19. Tin Machine (med Tin Machine) (1989)
  20. Tin Machine II (med Tin Machine) (1991)
  21. Black Tie White Noise (1993)
  22. The Buddha of Suburbia (1993)
  23. Outside (1995)
  24. Earthling (1997)
  25. 'hours...' (1999)
  26. Heathen (2002)
  27. Reality (2003)
  28. The Next Day (2013)

Skodespelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

Bowie si første store filmrolle var i The Man Who Fell to Earth (1976) som han fekk gode kritikkar for. Bowie spelar rolla som Newton, eit romvesen frå ein planet som er i ferd med å tørke opp. Han kjem til jorda for å ta med seg vatn tilbake til planeten sin. Han kjem med nyvinningar, som gjev han makt og rikdom på jorda. Makta og alkoholforbruk tar overhand, og oppdraget hans vert sett på spel. I 1979 spelte Bowie i filmen Schöner Gigolo, armer Gigolo ein britisk-tysk film av David Hemmings. Bowie spelte rolla som ein prøyssisk offiser, som kjem heim frå Første verdskrig, og vert oppdaga av baronessa Marlene Dietrich, som han vert gigolo for.

På 1980-talet spelte Bowie i fleire filmar. I 1982 gjorde han ei rolle som seg sjølv i Christiane F. Året etter spelte Bowie ein vampyr i filmen The Hunger i lag med Catherine Deneuve og Susan Sarandon. Nagisa Oshima sin film Merry Christmas, Mr. Lawrence (1983) hadde Bowie i rolla som Major Jack Celliers, ein krigsfange i ein japansk interneringsleir. Ein anna musikar, Ryuichi Sakamoto, spelte rolla som kommandanten i leiren. Bowie hadde ei lita rolle som The Shark i Yellowbeard, ein piratkomedie frå 1983 av enkelte medlemer frå Monty Python. I 1985 gjorde han ei lita rolle som leigemordar i filmen Into the Night. I 1986 kom rockemusikalen Absolute Beginners, som vart slakta i pressa. Same året spelte han rolla i kultklassikaren og fantasifilmen Labyrinth i lag med Jennifer Connelly, som spelte tenåringsheltinna. Bowie spelte ein sympatisk Pontius Pilatus i Martin Scorsese sin film The Last Temptation of Christ i 1988. I 1989 var han påtenkt rolla som Jokeren i Tim Burton og Sam Hamm sin film Batman. Rolla gjekk til slutt til Jack Nicholson. [9]

Bowie heldt fram med skodespelarkarrieren på 1990-talet. Han spelte ein misnøgd restauranttilsett i lag med Rosanna Arquette i The Linguini Incident, og spelte den mystiske FBI-agenten Phillip Jeffries i David Lynch sin Twin Peaks: Fire Walk With Me (1992). I 1996 spelte han Andy Warhol i Basquiat av Julian Schnabel. Bowie gjorde òg ei lita rolle i serien The Hunger, som var basert på filmen frå 1983. I 2000 hadde han ei av hovudrollene i filmen Mr. Rice's Secret, der han spelar naboen til ein tolv år gamal dødssjuk gut. Like før guten døyr har Mr. Rice planlagd ei skattejakt som fører til ein viktig løyndom.

I 2006 spelte Bowie Nikola Tesla i lag med Christian Bale og Hugh Jackman i The Prestige, ein film av Christopher Nolan. Det er ei soge om to konkurrerande magikarar rundt førre århundreskifte. Bowie har stemma til Maltazard i filmen Arthur and the Minimoys.

Personleg[endre | endre wikiteksten]

Bowie gifta seg for andre gong med den somaliske modellen Iman Abdulmajid, i 1992. Paret har ei dotter, Alexandria Zahra Jones. Han har òg ein steson frå Iman sitt første ekteskap, og sonen Duncan Jones frå sitt første ekteskap. Paret er for tida busett i New York City.

Konsertar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.georgeunderwood.com/pages/Album_covers/93
  2. Rock Movers & Shakers, Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  3. Rock Movers & Shakers, Dafydd Rees & Luke Crampton, 1991 Billboard Books.
  4. http://www.rockhall.com/hof/inductee.asp?id=70
  5. Illustrated db Discography
  6. BBC News
  7. CMT
  8. http://suicidegirls.com/interviews/Darren+Aronofsky+-+The+Fountain/
  9. http://www.batmanmovieonline.com/behindthescenes/articles/samhamm.htm


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]