David Brocken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Brocken
Statsborgarskap Belgia
Fødd 18. februar 1971 (53 år)
Lier i Belgia
Idrett fotball

David Brocken (fødd 18. februar 1971) er ein belgisk fotballtrenar og tidlegare fotballspelar. Han arbeida ei tid som defensiv trenar i Vålerenga Fotball.

I spelarkarrieren var han ein offensiv forsvarsspelar, kjend for sine presise innlegg og frispark. Brocken spela for RSC Anderlecht, Lierse SK og KFC Lommel SK, før han kom til norske Vålerenga og var ei viktig brikke der under klubben sin store snuoperasjon i 2004. Han la opp som spelar hausten 2005.

Trenarkarrieren starta han som ungdomstrenar i Lierse SK, før han blei assistenttrenar for A-laget når Kjetil Rekdal tok over ansvaret for Lierse SK. I 2008 var han defensiv trenar i Vålerenga Fotball.