David Bronstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

David Ionovitsj Bronstein, russisk Дави́д Ио́нович Бронште́йн - David Ionovitsj Bronsjtejn, (19. februar 19245. desember 2006) var ein ukrainsk og sovjetisk stormeister i sjakk og sjakkskribent.

I 1951 spelte han uavgjort 12-12 i tvekamp om verdsmeisterskapen i sjakk mot regjerande meister Mikhail Botvinnik. Bronstein leia 11,5-10,5 før dei to siste partia, og trong berre to remisar for å bli verdsmeister. Men han tapte det 23. og nest siste partiet, og etter remis i det siste partiet vart det dermed 12-12. Etter dei reglane som gjaldt då, hadde dermed verdsmeisteren forsvart tittelen.

Bronstein har blitt kalla eit kreativt geni og ein taktisk meister, og det har blitt sagt at Bronstein sitt spel viser at sjakk kan vere både vitskap og kunst.

Unge år[endre | endre wikiteksten]

David Bronstein var fødd i ei jødisk familie i Bila Tserkva nær Kiev i Ukraina. Her opplevde han at faren i desember 1937 under Stalin sine utrenskingar vart arrestert på grunnlause anklagar og sett i fangeleir, Gulag. Først i februar 1944 vart faren sett fri, og då med øydelagd helse.

David Bronstein lærte å spele sjakk av bestefaren då han var 6 år. Han viste tidleg talent for sjakk, og kom under kyndig trening i Kiev hos Internasjonal Meister i sjakk Alexander Konstantinopolskij. Han vart nummer to i bymeisterskapen i Kiev då han var berre 15, og oppnådde den sovjetiske meister-tittelen då han var 16 for andreplassen i den ukrainske meisterskapen i 1940, etter Isaak Boleslavskij, som han seinare vart ein god venn med. (Og i 1984 gifte han seg med Boleslavskij si dotter, Tatjana).

Sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av den andre verdskrigen vart det mogleg å spele sjakk igjen, og Bronstein vann mot sovjetmeisteren Mikhail Botvinnik i Sovjetmeisterskapen i sjakk i 1944. I Sovjetmeisterskapen for 1945 vart Bronstein nummer 3, og viste i åra deretter at han høyrde til i den sovjetiske sjakkeliten. Han vann begge partia sine på 10 bord i radiosjakklandskampen mot USA i 1945, og bidrog såleis til at Sovjetunionen vann denne landskampen.

Den første internasjonale suksessen kom i intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1948. Han vann turneringa klart, med 13,5 poeng på 19 parti, eit poeng før nestemann.[1] Han var dermed kvalifisert til kandidatturneringa i Budapest i 1950. I kandidatturneringa delte han førsteplassen med Isaak Boleslavskij. Bronstein vann deretter ein tvekamp mot Boleslavskij i Moskva, om retten til å spele VM-kamp mot verdsmeisteren Botvinnik i 1951.[2]

Som det er nemnt innleiingsvis: I VM-kampen mot Botvinnik i 1951 leia Bronstein 11,5-10,5 før dei to siste partia, og trong berre to remisar for å bli verdsmeister. Men Botvinnik vann det nest siste partiet, og det siste partiet vart remis: Kampen enda dermed 12-12, og etter dei reglane som var då, så hadde verdsmeisteren dermed forsvart tittelen.[3]

Seinare kom Bronstein aldri til å spele VM-kamp. Han høyrer til ei lita gruppe av svært sterke spelarar som var nær ved å bli verdsmeister i sjakk, men aldri vart det, på linje med Paul Keres og Viktor Kortschnoi.

Bronstein fekk førsteplassar i mange turneringar. To av dei sterkaste er Sovjetmeisterskapen i sjakk i 1948 - som han vann saman med Alexander Kotov og 1949 - som han vann saman med Vasilij Smyslov. Han vann Moskvamesterskapen 6 gongar. Han spelte for Sovjetunionen ved sjakkolympiadane (lag-VM i sjakk) i 1952, 1954, 1956 og 1958. Alle gongane vann Sovjetunionen lag-gullet, og alle gongane fekk Bronstein medalje for prestasjonen sin på det bordet han spelte.

Verdssjakkforbundet FIDE utnemnde David Bronstein til Stormeister i sjakk i 1950, som ein av dei 27 første. Han var då den yngste stormeisteren i verda.

Sjakkskribent[endre | endre wikiteksten]

Som sjakkskribent skreiv David Bronstein både fleire bøker og mange artiklar. Han er kanskje mest kjend for turneringsboka frå kandidatturneringa i Zürich i 1953[4], i engelsk utgåve Zurich International Chess Tournament 1953 og som medforfattar til The Sorcerer's Apprentice frå 1995, «Trollmannen sin læregut». Begge bøkene er rekna som høgdepunkt i sjakklitteraturen, underhaldande og velskrivne bøker der Bronstein forklarar ideane bak trekka i staden for å plage lesarane med endelause analysar av variantar som aldri vart spelte.

Bidrag til sjakkteori[endre | endre wikiteksten]

I sjakkopningar (opningsteori) har Bronstein særleg bidratt når det gjeld å endre vurderinga av kongeindisk frå å vere rekna som ei tvilsam opning til å vere eit moderne, påliteleg forsvar. Dette går også fram av bidraget hans i boka Bronstein on the King's Indian, «Bronstein om kongeindisk» frå 1999.

Minneverdig parti[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Bronstein sin samla skår mot Botvinnik er negativ, vann han fleire gongar mot Botvinnik med svart. Eit av desse partia er frå Moskva 1951, her i algebraisk notasjon:

1.d4 Sf6 2.c4 e6 3.Sc3 Lb4 4.e3 O-O 5.Ld3 c5 6.Sf3 b6 7.O-O Lb7 8.Sa4 cxd4 9.a3 Le7 10.exd4 Dc7 11.b4 Sg4 12.g3 f5 13.Sc3 a6 14.Te1 Sc6 15.Lf1 Sd8 16.Lf4 Ld6 17.Lxd6 Dxd6 18.Lg2 Sf7 19.c5 Dc7 20.Tc1 Tae8 21.Sa4 b5 22.Sc3 f4 23.d5 fxg3 24.fxg3 exd5 25.Dd4 Sf6 26.Sh4 Te5 27.Txe5 Dxe5 28.Dxe5 Sxe5 29.Sf5 Sc4 30.Td1 Kh8 31.Te1 Sxa3 32.Sd6 Lc6 33.Ta1 Sc2 34.Txa6 d4 35.Scxb5 Lxg2 36.Kxg2 Sg4 37.Sf5 d3 38.Td6 Txf5 39.Txd7 Sce3+ 0-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]