David C. Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

David C. Johnson (fødd 30. januar 1940) er ein amerikansk komponist, fløytist og elektronisk musikk-artist.

David Johnson studerte mellom anna ved Harvard University (M.A. i komposisjon 1964), med Nadia Boulanger i Paris, og ved Köln Courses for New Music i 1964–1965, 1965–1966, og 1966–1967 (Stockhausen 1971,198–204)).

I 1966-67 samarbeidde han med Electronic Studio i WDR, der han assisterte Karlheinz Stockhausen med produksjonen av det elektroniske verket hans, Hymnen. Han oprerte òg live-elektronikk under den første framføringa av kammerorkesterversjonen av Stockhausen sin Mixtur (1967), og i Darmstadt samarbeidde han med Stockhausen på Ensemble i 1967 og Musik für ein Haus i 1968 (Gehlhaar 1968, 39; Ritzel 1970, 50; Stockhausen 1971, 213 og 217).

I 1968 var han instruktør i elektronisk musikk ved Köln Courses for New Music (Stockhausen 1971, 206). Frå 1968 samarbeidde han med ei gruppe danna av bassgitarist Holger Schüring (seinare kjend som Holger Czukay), klaverspelar Irmin Schmidt, gitarist Michael Karoli og trommeslagar Jaki Liebezeit i ei eksperimentell beatgruppe som seinare vart kjend som Can. Han slutta i gruppa i 1969 fordi han var misnøgd med at dei blanda rock inn i musikken.

I 1970 spelte han i fleire av Stockhausen sine «prosessverk» (Spiral, Pole, Expo) ved den tyske paviljongen ved verdsutstillinga i Osaka i 1970. Etter Osaka starta han i lag med Johannes Fritsch og Rolf Gehlhaar i 1971 Feedback Studio i Köln og vart ein teknisk samarbeidspartnar i studioet for elektronisk musikk på Rijksuniversiteit Utrecht.

I 1971 vart han òg med i Oeldorf Group, eit musikalsk kollektiv med Peter Eötvös, Mesías Maiguashca, Gaby Schumacher (cello) og Joachim Krist (bratsj), som organiserte ei rekkje sommarkonsertar fram til 1975. Konsertane vart haldne i loven på garden som gruppa budde i, i Oeldorf, nær Kürten.

Komposisjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Tre stykke for stringkvartett (1966)
  • Dort wo wir leben, elektronisk musikk for dokumentarfilmen av Kazimierz Karabasz (1967)
  • TeleFun, elektronisk musikk (1968)
  • Ton-Antiton, elektronisk musikk (1968)
  • Prorgelica, lydinstallasjon (1970)
  • Orgelica I–IV, lydinstallasjonar (1970–72)
  • Triangles, for fløyte, klarinett, cello, og tre ring-modulatorar (1975)
  • Ars Subtilior Elektriska , elektronisk musikk, realisert i Electronic Studio i Musikakademie Basel (1977)
  • Drop Fruit, for lydband, live-elektronikk, slides og tilhøyrande hendingar (1984)
  • Of burning a candle, for lydband og slides (1985)
  • Imprisoned Fruit, Cybernetic Soundspace (1989/90)
  • Earth Wisdom, for lydband, live-elektronikk og slides (1990)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «David C. Johnson» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mars 2013.
  • Gehlhaar, Rolf. 1968. Zur Komposition Ensemble: Kompositionsstudio Karlheinz Stockhausen, Internationale Ferienkurse für Neue Musik, Darmstadt 1967. Darmstädter Beiträge zur Neuen Musik 11. Edited by Ernst Thomas. Mainz: B. Schott’s Söhne. Text in both German and English.
  • Kurtz, Michael. 1992. Stockhausen: A Biography. Translated by Richard Toop. London: Faber and Faber.
  • Johnson, David. 1972. "Die Orgelica Geschichte." Feedback papers 7. Reprinted in Feedback Papers 1–16, s. 168–77.
  • Morawska-Büngeler, Marietta. 1988. Schwingende Elektronen: Eine Dokumentation über das Studio für Elektronische Musik des Westdeutschen Rundfunk in Köln 1951–1986. Köln-Rodenkirchen: s. J. Tonger Musikverlag.
  • Ritzel, Fred. 1970. Musik für ein Haus: Kompositionsstudio Karlheinz Stockhausen, Internationale Ferienkurse für Neue Musik, Darmstadt 1968. Darmstädter Beiträge zur Neuen Musik 12. Edited by Ernst Thomas. Mainz: B. Schott’s Söhne.
  • Stockhausen, Karlheinz. 1971. Texte zur Musik 3 (1963–1970). Edited by Dieter Schnebel. Köln: Verlag M. DuMont Schauberg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]