David Frank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Frank
Aktive år Tidleg 1980-åra til i dag
Yrke Klaverspelar, plateprodusent og programmerar, låtskrivar
Tilknytte artistar Mic Murphy, The System

David Frank er ein USA-amerikansk plateprodusent, låtskrivar, pianist og eit av medlemmane som starta R&B-gruppa The System i 1980-åra. Yamaha Music har kalla han «skaparen av elektronisk R&B». [1]

Frank voks opp nær Boston og spelte klassisk piano frå ung alder. Sidan byrja han å spele i rockeband og fekk seg etter kvart ein synthesizer. Frank flytta til New York og prøvde å bli studiomusikar, men byrja å spele i bryllaup med synthesizerar og trommemaskinar han hadde fått tak i.

I 1981 fekk han tilbod av ein lokal studioeigar i New York om å lage ein dance-song. Frank ønskte opphavleg å nytte naboen sin, Madonna, som ikkje enno hadde vorte kjend, men enda i staden opp med å nytte Mic Murphy. I lag danna dei bandet The System som fekk kontrakt med Mirage Records, som låg under Atlantic Records. Songen dei laga, «In Times of Passion», vart ein lokal hit i New York.

Som klaverspelar og arrangør spelte Frank på songar som Chaka Khan sin «I Feel For You», Phil Collins sin «Sussudio», Mtume sin «Juicy Fruit». Han arbeidde med Arif Mardin på tre songar for Scritti Pollitti og med Russ TitelmanSteve Winwood-albumet «Higher Love», som vart ein stor hit. Etter kvart oppnådde han ein førsteplass i USA med The System og hitten «Don't Disturb This Groove», der Frank nytta bass frå synthesizeren på songen.

Tidleg i 1990-åra flytta Frank til Los Angeles der han opna sitt eige platestudio kalla Canyon Reverb. Ein av dei første artistane han arbeidde med her var Omar. Etter kvart byrja Frank å skrive mykje musikk i Los Angeles og i lag med Pam Sheyne skreiv dei fleire hitsongar i lag som Dream sin «He Loves U Not» og «This Is Me», 98 Degree sin «The Hardest Thing», «O-town» sin «These Are The Days» og Christina Aguilera sin «Genie in a Bottle». For sistnemnde fekk han Ivor Novello-prisen for årets internasjonale hit.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

98 Degrees - 98° & Rising
Acoustics Moods (Various Artists)
American Juniors - American Juniors
Angela Bofill - Let Me Be the One
Attitude - Pump The Nation
Ashford and Simpson - Love Or Physical
Bardo Pond - Amanita
Beverly Hills Cop Movie Soundtrack
Best of Acid Jazz [Global]
Billy Idol - Whiplash Smile
Billy Squier - Enough Is Enough
Brie Larson - Finally Out Of s.E.
Carole Davis - I'm No Angel
Chaka Khan - CK
Chaka Khan - I Feel for You
Christina Aguilera - Christina Augiliera
Coming to America Movie Soundtrack (Title Track)
Divas of Dance Vol. 1
Destiny's Child - Destiny's Child
DupontMal:Disambiguation needed - New World Beat
Dream - It Was All a Dream
Eden's Crush - Popstars
Eric Clapton - Rush
Eternal - Power of a Woman
Everybody Dance: 3 CD Limited Edition
Gang Related soundtrack
Katey Sagal - Well...
James Morrison - Undiscovered
Junior - Best of Junior
Jeff Lorber - Step By Step
Jeff Lorber - West Side Stories
Jordin Sparks - Jordin Sparks
Kleeer Very Best of Kleeer
Laura Nyro - Walk the Dog and Light the Light
Liberty X - Being Somebody
Linear - Caught In The Middle
"Lost Souls" - by 2Pac feat. Outlawz samples "Don't Disturb This Groove"
Love Shouldn't Hurt (Various Artists)
Marked for Death Movie Soundtrack
Masters at Work - The Album
Michael McDonald - Blink of an Eye
Mtume - Juicy Fruit
Mtume - You Me & He
Nikki Cleary - Nikki Cleary
Nine movie soundtrack to be released by Geffen Records on December 22, 2010
Nona Hendryx - Female Trouble
Ofra - Haza Ya Ba Ye (Remix)
Omar - For Pleasure
Omar - This Is Not a Love Song
O-Town - O-Town
Pauli Carman - Dial My Number
Paul Lekakis - Tattoo It
Phoebe Snow - Something Real
Phil Collins - No Jacket Required
The Pussycat Dolls - Doll Domination
Rebbie Jackson - Yours Faithfully
Robert Palmer - Pride
Rod Stewart - Human
Ronan Keating - Turn It On
S Club 7 - Don't Stop Movin'
Scritti Politti - Cupid & Psyche 85
Sheena Easton - My Cherie (single)
Sheena Easton - What Comes Naturally
Steve Winwood - Back in the High Life
Steve Winwood - The Finer Things
The System - Don't Disturb This Groove
The System - Sweat
The System - X-Periment
The System - The Pleasure Seekers
The System - Rhythm & Romance
Takeshi Itoh - T.K.
Toya - Toya
Vanessa Williams - The Comfort Zone
Vitamin C - More
Westlife - Westlife
Wild Orchid - Wild Orchid
Dionne Farris - Wild Seed, Wild Flower
Wayne Watson - Field of Souls
YM Hot Tracks Vol. 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]