David Gates

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Gates

David Gates i 2000
Fødd11. desember 1940 (83 år)
FødestadTulsa i Oklahoma i USA
FødenamnDavid Ashworth Gates
OpphavUSA
Aktiv1957 til i dag
SjangerRock and roll, softrock, country, pop, soft adult contemporary
Instrumentvokal, gitar, klaverinstrument, fiolin, bratsj, perkusjon, orgel, bass, piano, mellotron
Tilknytte artistarBread
PlateselskapA&M, Elektra
Verka somMusikar
Låtskrivar
Plateprodusent
PrisarOklahoma Music Hall of Fame

David Ashworth Gates (fødd 11. desember 1940) er ein USA-amerikansk songar-låtskrivar, mest kjend som songar i gruppa Bread, som hadde fleire hittar i Europa og Nord-Amerika i 1970-åra. Bandet vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gates vart fødd i Tusla. Faren var bandleiar og mora pianolærar. Han var omgjeve av musikk frå tidleg alder og spelte alt mange instrument då han gjekk på high school. I 1957 fekk han eit musikalsk gjennombrot då Chuck Berryom til Tulsa. Gates fekk den første hitten sin med «Jo-Baby» med Chuck Berry. Songen vart skriven for skulekjærasten til Gates, Jo Rita, som han gifta seg med og fekk barn med då han byrja på University of Oklahoma. I 1961 flytta familien til Los Angeles og Gates starta karrieren sin som låtskrivar og produsent. Mot slutten av 1960-åra hadde han arbeidd med Elvis Presley, Bobby Darin og Merle Haggard, og produsert Glenn Yarbrough-hiten «Baby the Rain Must Fall» i 1965. Den første hiten hans som låtskrivar kom med den populære Murmaids-songen «Popsicles and Icicles».[2]

Han forstod at den einaste måten han kunne sikre seg at songane hans vart spelt inn, var om han song dei sjølv, og Gates starta Bread i 1968. Gruppa bestod av Gates, James Griffin, Robb Royer og seinare trommeslagaren Michael Botts og klaverspelaren Larry Knechtel. Det første albumet til bandet, Bread, kom ut i 1969 med hittane «It Don't Matter to Me» og «Dismal Day», medan det andre albumet On the Waters inneheldt «Make It with You». Bread vart kjende for softrockhittane sine og dei hadde stor suksess. Større suksess fekk dei med albumet Manna i 1971, som inneheldt den store hitten «If». Etter dei populære albuma Guitar Man og Baby, I'm-a Want You, vart gruppa oppløyst i 1973, men kom saman att i 1977 for å spele inn albumet Lost Without Your Love.[2]

David Gates hadde gjeve ut sine eigne album i 1970-åra, First i 1973 og Never Let Her Go i 1975, og songane hans, som «The Goodbye Girl» frå Neil Simon-skodespelet med same namn, selde ganske bra. Fleire av songane hans er spelt inn av andre artistar frå Julio Iglesias til Boy George. «Everything I Own», ei hyllest til faren hans, vart spelt inn av countryartistar som the Kendalls og Joe Stampley, og sidan av Boy George. Han har skrive inn musikk innan mange sjangrar og har eit eige platestudio på ranchen sin i California. Han gav ut Love Is Always Seventeen på Discovery Records i 1994, og i 2000-åra kom The David Gates Songbook.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 1957: «Jo Baby/Lovin' At Night»
  • 1958: «Pretty Baby/Cryin' For You»
  • 1959: «Swingin' Baby Doll/Walkin' And Talkin'»
  • 1960: «What's This I Hear/You'll Be My Baby»
  • 1960: «The Happiest Man Alive/The Road That Leads To Love»
  • 1961: «Jo Baby (version 2)/Teardrops In My Heart»
  • 1962: «Sad September/Tryin' To Be Someone»
  • 1963: «No One Really Loves A Clown/You Had It Comin' To You»
  • 1964: «The Oakie Surfer/Blue Surf»
  • 1964: «My Baby's Gone Away/Kiss And Tell»
  • 1964: «She Don't Cry/There's A Heaven»
  • 1965: «Little Miss Stuck-Up/The Brighter Side»
  • 1965: «Just A Lot Of Talk/Love Or Money»
  • 1965: «Sad September/Star Of The Show»
  • 1965: «Let You Go/Once Upon A Time»
  • 1965: «I Don't Come From England/Dragon Fly»
  • 1973: «Clouds/I Use The Soap» (nr. 47)
  • 1973: «Sail Around The World/Help Is On The Way» (nr. 50)
  • 197?: «Clouds/Sail Around The World»
  • 1974: «Sad September/Tryin' To Be Someone»
  • 1975: «Never Let Her Go/Watch Out» (nr. 29)
  • 1975: «Part-Time Love/Chain Me»
  • 1977: «The Goodbye Girl/Sunday Rider» (nr. 15)
  • 1978: «Took The Last Train/Ann» (nr. 30)
  • 1978: «Goodbye Girl/Took The Last Train»
  • 1979: «Where Does The Lovin' Go/Starship Ride» (nr. 46)
  • 1980: «Can I Call You/Chingo»
  • 1980: «Falling In Love Again/Sweet Desire»
  • 1981: «Take Me Now/It's What You Say» (nr. 62)
  • 1981: «Come Home For Christmas/Lady Valentine»[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bread Inductee». Vocalgroup.org. Arkivert frå originalen 7. september 2013. Henta 31. januar 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Gates på Allmusic
  3. 1985 Album Anthology - Elektra Records LP (E1-60414)
  4. «Bread - Solo and Duo Releases Part 1». Jlindquist.net. Arkivert frå originalen 9. september 2013. Henta 7. november 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]