David Gilmour av David Gilmour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Gilmour
Studioalbum av David Gilmour
Innspelt SuperBear Studios, Frankrike desember 1977-januar 1978
Sjanger Bluesrock, progressiv rock
Lengd 46:18
Selskap Harvest Records, EMI (UK)
Columbia Records, Legacy/Columbia (US)
Produsent David Gilmour
Kritikk
David Gilmour-kronologi
David Gilmour About Face
(1984)

David Gilmour er det første soloalbumet til Pink Floyd-gitarist og vokalisten David Gilmour, som kom ut i mai 1978. Det kom ut ein månad seinare i USA. Albumet nådde 17. plass på den britiske albumlista og 29. plass på Billboardlista i USA, der det selde til gullplate. Albumet var produsert av Gilmour sjølv og består hovudsakleg av bluesaktige og gitarorienterte rockesongar, bortsett frå balladen «So Far Away».

Historie og detaljar[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med Circus Magazine i 1978 sa Gilmour: «Dette albumet var så viktig for meg. Først visste eg ikkje om eg hadde eit stort nok namn til å bere det. Å vere i ei gruppe i så lang tid kan bli nokså klaustrofobisk, og eg trengde å stige ut av Pink Floyd-skuggen.»

Albumet vart spelt inn i Super Bear Studios i Frankrike mellom desember 1977 og tidleg januar 1978 med lydteknikar John Etchells. Albumet vart så miksa i same studio i mars 1978 med Nick Griffiths. Plateomslaget vart laga av Hipgnosis og Gilmour.

Ingen er tilskriven for å spele gitar på den originale EMI-versjonen av albumet (som Gilmour gjorde), og Gilmour er berre tilskriven for klaverinstrument og vokal.

Det vart gjeven ut ein singel frå albumet, «There's No Way Out of Here», som gjorde det dårleg i Europa, men særs bra på amerikansk FM-radio. Songen vart opphavleg spelt inn av bandet Unicorn (som Gilmour produserte) i 1976 som «No Way Out of Here» for albumet Too Many Crooks og vart seinare spelt inn av Monster Magnet på albumet Monolithic Baby!.

Albumet var ei slags gjenforeining av bandet Joker's Wild, som Gilmour spelte i før Pink Floyd, med Rick Wills og Willie Wilson.

Ein av songane Gilmour skreiv på denne tida, men som ikkje vart nytta på albumet, utvikla seg til den klassiske Pink Floyd-songen «Comfortably Numb» frå The Wall. Eine songen på albumet, «So Far Away» nyttar ein liknande progresjon som refrenget på «Comfortably Numb», men i ein annan toneart.

Den instrumentale songen «Raise My Rent» inneheld bitar som seinare dukka opp i Pink Floyd-songane «What Do You Want from Me?», «Hey You» og «Keep Talking».

Ein noko anna versjon av songen «Short and Sweet» finst òg i eit samarbeid med Roy Harper i 1980 på albumet hans The Unknown Soldier. Musikalsk er «Short and Sweet» ein slags forgjengar for «Run Like Hell» (òg frå The Wall).[1]

David Gilmour kom ut på ny på EMI Records i Europa med ny digital lyd i 2006.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Gilmour, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Mihalis»     05:46
2. «There's No Way Out of Here»   Ken Baker 05:08
3. «Cry from the Street»   David Gilmour/Eric Stuart 05:13
4. «So Far Away»     06:04
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Short and Sweet»   David Gilmour/Roy Harper 05:30
6. «Raise My Rent»     05:33
7. «No Way»     05:32
8. «It's Deafinitely»     04:27
9. «I Can't Breathe Anymore»     03:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matt Resnicoff (August 1992). «Careful With That Axe David Gilmour Interview». Musician. http://www.pinkfloydfan.net/t1477-david-gilmour-careful-axe-musician.html. Henta 7. mars 2011.