David Morris Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Morris Lee
Fødd 20. januar 1931 (83 år)
Område Fysikk
Institusjonar Cornell University
Texas A&M University
Alma mater Yale University
University of Connecticut
Harvard University
Doktorgradsrettleiar Henry A. Fairbank
Utmerkingar Nobelprisen i fysikk (1996)

David Morris Lee (fødd 20. januar 1931) er ein amerikansk fysikar ved Yale University frå 1959. Lee mottok Nobelprisen i fysikk i 1996. Grunngjevinga til Kungliga Vetenskapsakademien for Nobelprisen var oppdaginga av superfluid i helium-3. Han delte prisen med landsmennene Douglas D. Osheroff og Robert C. Richardson.

På byrjinga av 1970-talet arbeidet Lee, Osheroff og Richardson i lågtemperaturlaboratoriet ved Cornell University. Her oppdaga dei at heliumisotopen helium-3 kan bli superfluid ved ein temperatur som berre ligg rundt to tusendeler av ein grad over det absolutte nullpunktet. Dette superfluide kvantehydrogenet skil seg frå den som vart oppdaga og studert på 1930-talet, og som hadde rundt tusen gonger høgare temperatur enn den normale heliumisotopen helium-4. Den nye forma av helium-3 har særs spesielle eigenskapar som ikkje kan forklarast med klassisk fysikk, men krev kvantefysikkalske forklaringar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]