David R. Cox
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| David Cox | |
| Fødd | 15. juli 1924 (88 år) Birmingham i England |
|---|---|
| Nasjonalitet | Storbritannia |
Sir David R. Cox (fødd 15. juli 1924) er ein engelsk statistikar. Cox vert rekna som ein av dei viktigaste statistikarane på 1900-talet med viktige bidrag innan statistisk teori, metodar og bruksområde.
Han tok doktorgrad i 1949 ved University of Leeds og var Professor i statistikk ved Birkbeck College frå 1961 til 1966 og så ved Imperial College of Science and Technology frå til 1988. Han har vunne fleire akademiske prisar og er æresdoktor ved mange universitet i Europa og Amerika.
Han var redaktør for tidsskriftet Biometrika frå 1966 til 1991.
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «David R. Cox» av Jan Bjørnstad