David Sanborn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Sanborn

David Sanborn, Festival de Jazz Riviera Maya 2008
Fødd30. juli 1945 (78 år)
FødestadTampa
OpphavUSA
Aktiv1959 til i dag
SjangerJazz, jazzfusion, rock, R&B, pop, funk
InstrumentSaksofon, piano
PlateselskapVerve, GRP, Rhino, Elektra, Warner Bros., Reprise
Verka somMusikar

David Sanborn (fødd 30. juli 1945) er ein amerikansk saksofonist. Sjølv om Sanborn har spelt innan mange sjangrar er soloinnspelingane hans typisk ei blanding av jazz med instrumental pop og R&B.[1] Han gav ut det første soloalbumet sitt Taking Off i 1975, men har spelt saksofon sidan før han gjekk på vidaregåande skule.[2]

Han er ein av dei mest kommersielt suksessfulle amerikanske saksofonistane som har vorte kjend sidan 1980-åra og vert ofte knytt til radiovennleg smooth jazz. Sanborn sjølv har mislikt både sjølve sjangeren og at han er knytt til han.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Sanborn vart fødd i Tampa i Florida. Kort etter fødselen flytta familien til David Sanborn til St. Louis i Missouri. Frå 1948 til 1956 leid han av poliomyelitt. Ein lege rådde han til å spele eit blåseinstrument, og han valde altsaksofon. Frå 1957 til 1962 spelte han i banda til Albert King og Little Milton i ulike klubbar i St. Louis og fekk dermed dei første røynslene sine føre eit publikum. I 1967 flytta han med kone og born til San Francisco og vart der medlem av Paul Butterfield Blues Band, i 1969 spelte han med dette bandet på den legendariske Woodstock-festivalen. Frå 1972 til 1974 var han nesten uavbroten på turné saman med Stevie Wonder, David Bowie, Rolling Stones, Gil Evans og Brecker Brothers. I 1997 var han saman med Eric Clapton og andre på turné med bandet Legends. Han har mange framferder hos Late Night with David Letterman, som gjekk på NBC, der han regelmessig var med Paul Shaffer og bandet The World's Mosa Dangerous Band. Han har òg vore med i Lettermans Late Show with David LettermanCBS.

Han har vore ein høgt respektert studiomusikar sidan seint i 1960-åra og har spelt med mange kjende artistar, som James Brown, Bryan Ferry, Michael Stanley, Eric Clapton, Bobby Charles, Cat Stevens, Roger Daltrey, Stevie Wonder, Paul Simon, Jaco Pastorius, the Brecker Brothers, Michael Franks, Kenny Loggins, Casiopea, Players Association, David Bowie, Todd Rundgren, Bruce Springsteen, Little Feat, Tommy Bolin, Bob James, James Taylor, Al Jarreau, Pure Prairie League, Kenny G, George Benson, Joe Beck, Donny Hathaway, Elton John, Gil Evans, Carly Simon, Guru, Linda Ronstadt, Billy Joel, Kenny Garrett, Roger Waters, Steely Dan, Ween, Eagles, The Grateful Dead, Nena, Utada Hikaru og Toto.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med George Benson

Med David Bowie

Med Gil Evans

Med Hubert Laws

Med Todd Rundgren

Med Roger Waters

Med Paul Butterfield Blues Band[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Skodespelar/vert[endre | endre wikiteksten]

  • The Wizard of Oz in Concert: Dreams Come True (1995)

Fjernsynsmusikal

  • Scrooged (1988)

Spelte gatemusikar

  • Sunday Night (1988)

Var vert for musikkshowet

  • Magnum P.I. (1986)

Var gjestesaksofonist i episoden L.A.

  • Stelle Sulla Citta (1983)[4]

Seg sjølv[endre | endre wikiteksten]

Komponist[endre | endre wikiteksten]

Musikar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cook, Richard; Brian Morton (1996) [1992]. The Penguin Guide to Jazz on CD (Third utg.). London: Penguin Group. s. 1148–1149. ISBN 0-14-051368-X. 
  2. «Biography». Official Community of David Sanborn. Arkivert frå originalen 16. mai 2011. Henta 5. mai 2011. 
  3. «Diskografi». Official Community of David Sanborn. Arkivert frå originalen 21. desember 2008. Henta 16. mai 2008. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Filmography». Official Community of David Sanborn. Arkivert frå originalen 5. februar 2012. Henta 16. mai 2008. 
  5. «Lethal Weapon (1987) Full cast and crew». IMDB. Henta November 27, 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: David Sanborn