David Simonsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Simonsen

David Simonsen (17. mars 185315. juni 1932) var ein dansk rabbinar med utdanning frå København og Breslau (det noverande Wrocław i Polen) som var overrabbinar for Det mosaiske Troessamfund i København frå 1892 til 1902. Den store boksamlinga hans, som dekker mange humanistiske disiplinar og språkområde, og arkivet hans vart teke over av Det Kongelige Bibliotek i København i 1932.

Breva i arkivet, som omfattar perioden frå kring 1880 til 1932 og som involverer kring 4 700 avsendarar og mottakarar, avspeglar det store kontaktnettet hans i Danmark og internasjonalt. Gjennom utdanninga si i Breslau kom han i kontakt med mange av dei leiande forskarane innanfor jødedom og jødisk historie i si tid, men gjennom interessa si for andre fag hade han òg kontakt med historikarar, arkeologar og andre vitskapsfolk. Virket hans som filantrop førte med seg mykje korrespondanse med politiske og andre organisasjonar, så vel som privatpersonar i Danmark og elles som trong støtte.

Lenkjer[endre | endre wikiteksten]

Det Kongelige Bibliotek: David Simonsens Arkiv

Mal:Dansk Wikipedia