David Suazo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
David Suazo
David Suazo Catania.jpg
Personleg informasjon
Namn Óscar David Suazo Velásquez
Fødselsdato 5. november 1979
Fødestad San Pedro Sula i Honduras
Høgd 182 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Calcio Catania
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
Honduras Marathón
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1996-99
1999-2007
2007-11
2008-09
2010
2011-
Honduras Olimpia
Italia Cagliari
Italia Inter
Portugal Benfica (lån)
Italia Genoa (lån)
Italia Catania
10 (5)
255 (94)
28 (8)
12 (4)
16 (3)
0 (0)
Landslag**
1999- Honduras Honduras 54 (16)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 12. september 2011.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 26. august 2011.

Óscar David Suazo Velásquez (fødd 5. november 1979 i San Pedro Sula i Cortés-departementet) er ein honduransk fotballspelar som i 2010 spelar som spiss for Catania i italiensk Serie A, og for det honduranske landslaget.

Suazo drog til Europa og Cagliari i 1999. Han var med på å vinna Serie B med Cagliari i 2004. I 2006 delte han tittelen som beste utanlandske spelar i Serie A med Kaká. I 2007 gjekk han vidare til toppklubben Inter. Han var med å vinna Serie A med Inter i 2008, men spelte ikkje fast på laget. Etter dette har han vore lånt ut til Benfica og Genoa. Han spelte for Honduras i sommar-OL i 2000.

David Suazo er søskenbarnet til fotballspelaren Maynor Suazo, som har spelt i Noreg for Brann. Eit anna søskenbarn, Hendry Thomas, er også honduransk landslagsspelar.