Davy Wathne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Davy Wathne.
Foto: Kjetil Ree

David Frank Huey Wathne, kjend som Davy Wathne (fødd 1. januar 1950 i Miami) er ein norskamerikansk journalist, med sport som spesialfelt. Han har arbeidd som programleiar i TV 2 sidan oppstarten i 1992.

Wathne er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med mellomfag i latin, norsk og historie, og jobba som sportjournalist i Bergens Tidende frå studietida og fram til han vart tilsett i då nyetablerte TV 2. I TV 2 er han mest kjend som kunnskapsrik programleiar for sportssendingane. Han har òg vore aktiv i fagforeningsarbeidet i bedrifta.

Davy Wathne har behalde sitt amerikanske statsborgarskap. Han er oppkalla etter sin morfar, David Johansen, men oppgjev namnet sitt som Davy for å unngå den norske uttalen av namnet David. Mor til Davy, sjukepleiaren Aud Johansen, hadde flytta til USA rett etter krigen og treft Davy sin far, eigedomsmeklaren Lester William Huey (d. 1986). Men allereie eitt år etter at Davy kom til verda, tok mora han med attende til Noreg. Sidan har ikkje Davy sett far sin. Han takka nei til arv frå faren då han døydde i 1986.

Wathne er lidenskapeleg tilhengjar av fotballaget Brann. Då klubben kom til cupfinalen i 1988 måtte han gå frå Bergen til Oslo. Årsaka var at han hadde lova dette tidlegere på året i ein kommentarartikkel i Bergens Tidende, fordi han etter ein cupkamp meinte at Brann var altfor dårlege for å nå cupfinalen.

Wathne har eitt sambuarskap og eitt ekteskap bak seg. Han har to born, eitt frå eit tidlegare ekteskap (f. 1982) og eitt med sin tidlegere sambuar (f. 1993).

[endre] Kuriøst

Wathne er mellom anna kjend for sine særeigne og spenstige avslutningar på TV 2, som då han mellom anna avslutta med orda «Om et kvarter er vi tilbake med Onsdagssporten. I mellomtiden kan du kose deg med Siri Kalvig...». Han har dei seinare åra vorte meir og meir ein frontfigur for TV 2 Sporten, og er ein av kanalen sine mest populære programleiarar. Frå 2009 har han også i større grad enn tidlegare fått offentleg ytra sine sterke meiningar rundt fotball, i TV 2 sitt nye debattkonsept mot slutten av programmet FotballXtra Magasinet.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Davy Wathne
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk