Romsonden Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dawn (romsonde))
Teikning av Dawn
Ceres fotografert 4. mai 2015 av Dawn
Dawn-bilete av Vesta

Dawn er ein romsonde som har gått i bane kring protoplaneten og asteroiden Vesta, og som no går i bane kring dvergplaneten Ceres. Han vart skoten opp 27. september 2007 og er den fyrste romsonden som har gått i bane rundt ein himmellekam for deretter å reisa vidare og gå i bane rundt ein annan.

Dawn drog frå Vesta i september 2012 og nådde Ceres 6. mars 2015. Dawn vart då den fyrste romsonden til å gå i bane kring ein dvergplanet.[1]

Vitskaplege mål[endre | endre wikiteksten]

Dawn vert skoten opp av ein Delta II-rakett

Målet med Dawn er å få greie på forholda og prosessane som fann stad i byrjinga på solsystemet ved å studera to av dei største protoplanetane som framleis er intakte etter danninga. Ceres og Vesta har motståande karakteristikkar som truleg skriv seg frå at dei vart danna to ulike plassar i solsystemet. Ein trur at Ceres inneheld ein god del is, medan Vesta skal vera sett saman mest av stein og har kan henda hatt vulkansk aktivitet på overflata.

Dawn har med seg kamera for observasjon og navigasjon, visuell- og infraraudspektrometer i tillegg til eit gamma- og nøytronspektrometer. Ved å studera radiosignala sende frå Dawn vil ein òg kunna nytta seg av hovudantenna som eit vitskapleg instrument.

Fem prosent av alle meteorittane funne på jorda, sokalla HED-meteorittar, går ein ut frå at ættar frå Vesta. Dawn vil vera i stand til å stadfesta dette, og dessutan om nokon meteorittar skulle stamma frå Ceres.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]