Day Tripper
| «Day Tripper» Singel av The Beatles |
||
| A-side | «We Can Work It Out» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 3. desember 1965 | |
| Innspelt | Abbey Road 16. oktober 1965 |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 2:46 | |
| Selskap | Parlophone (UK) Capitol (USA) |
|
| Låtskrivar(ar) | Lennon/McCartney | |
| Produsent | George Martin | |
| The Beatles-kronologi | ||
| «Yesterday» (1965) |
«Day Tripper» | «Paperback Writer» (1966) |
«Day Tripper» er ein song av John Lennon og Paul McCartney som er gjeven ut av The Beatles som ei «dobbel A-side» i lag med «We Can Work It Out». Songen er ein riffdriven rockesong. Begge songane vart spelte inn under innspelinga av albumet Rubber Soul, men er ikkje med på dette albumet. Songen gjekk til topps på den britiske singellista, den norske VG-lista og nådde femteplass på den amerikanske Billboard Hot 100. «Day Tripper» vart spelt på konsertar av bandet i 1965 og 1966 og var ein av songane som vart spelte på den siste konserten deira ved Candlestick Park i San Francisco den 29. august 1966.[1]
Innhaldsliste |
Komposisjon [endre]
|
She was a day tripper, John Lennon
|
Beatles trengde ein ny single som dei kunne gje ut til jul[2] Lennon skreiv det meste av teksten og den kjende gitarlinja, medan McCartney hjelpte til på versa.[3]
«Day tripper» tyder bokstavleg «dagsreisande», men i songen får uttrykket tydinga ein «helge-hippe», ein som berre tar dop i helgane.[3]
Songen vart spelt inn 16. oktober 1965 ved Abbey Road Studios.
Credits [endre]
- John Lennon: solovokal, rytmegitar og tamburin
- Paul McCartney: solovokal og bass
- George Harrison: sologitar
- Ringo Starr: trommer
Andre versjonar [endre]
Av andre artistar som har gjort innspelingar av songen finn ein Sergio Mendes & Brasil '66, Nancy Sinatra, Otis Redding, Lulu, Electric Light Orchestra, Anne Murray, Whitesnake, James Taylor, Cheap Trick, Sham 69, Devo, Ocean Colour Scene og Type O Negative
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Day Tripper» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Beatles Bible: Day Tripper.
- ↑ Mark Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 64 – Harmony Books, New York. ISBN 0-517-57066-1.
- ↑ 3,0 3,1 David Sheff (2000) All We Are Saying: The Last Major Interview with John Lennon og Yoko Ono, s. 177 – St. Martin's Press, New York. ISBN 0-312-25464-4.
| Føregjengar «Yesterday» The Beatles |
Toppen av VG-lista The Beatles 7 veker, veke 51 1965– Veke 5 1966 |
Etterfylgjar «You Were On My Mind» Barry McGuire |