Daymer Bay

Koordinatar: 50°33′36″N 4°55′30″W / 50.560°N 4.925°W / 50.560; -4.925
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Daymer Bay sett frå Trebetherick Point med Brae Hill til høgre på bilete. St Enodoc-kyrkja ligg midt på stranda.
Kart over Daymer Bay og det omliggande området

Daymer Bay er ei strand på austsida av River Camel-estuaret nord i Cornwall i Storbritannia. Ho ligg nedanfor landsbyen Trebetherick. Bukta grenser i nord til Trebetherick Point og i sør til Brae Hill.

Stranda vert mykje nytta til brettsegling og kitesurfing. Daymer Bay-stranda har mange sanddyner og bak desse ligg St Enodoc-kyrkja der diktaren John Betjeman er gravlagd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

50°33′36″N 4°55′30″W / 50.560°N 4.925°W / 50.560; -4.925