De Forenede Ullvarefabrikker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

De Forenede Ullvarefabrikker (forkorta DFU eller D. F. U.) er namn på ei samanslutting av norske tekstilfabrikkar. I 1870 grunnla haugianaren Ole Nilsen Aalgaards Uldvarefabrikker ved fossen på Ålgård. Etter å ha kjøpt fem andre fabrikkar i 1916 vart namnet til firmaet endra til "De Forenede Ullvarefabrikker AS". Fabrikkane som gjekk saman var Ålgård Ullvarefabrikker, Nydalens Fabrikker i Nord-Trøndelag, Hjula Veveri i Oslo si ullvareavdeling, Grorud Textilfabriker med Skauger Fabrikker ved Drammen, i tillegg til Fredfoss Uldvarefabrik ved Vestfossen. Nydalens Fabrikker var for allereie før denne samansluttinga vorte ein del av Ålgård Ullvarefabrikker.

DFU etablerte i løpet 1970-talet ei landsdekkjande butikkjede. Utover 1990-talet vart det slutt på tekstilproduksjon i Noreg.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Egil Werner Eriksen: Aalgaards Uldvarefabrikker - A/S De Forenede Ullvarefabrikker 1870-1945. Ålgård 1948.
  • Ivar Øiumshaugen: «Vi kommer ikke med kugler og kanoner»: Arbeiderbevegelsens framvekst og utvikling i Gjesdal før 1940. Hovedoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1995. Elektronisk versjon