De Haas–van Alphen-effekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

De Haas–van Alphen-effekt er eit fenomen som skjer hos enkelte metall ved låge temperaturar. Det består i at den magnetiske susceptibiliteten varierer periodisk ved ei kontinuerleg forandring av eit ytre magnetfelt. Effekten kan forklarast som ein verknad av kvantisering av energinivåa til elektrona i magnetfeltet. Fenomenet vart først observert for vismut av dei nederlandske fysikarane Wander Johannes de Haas og studenten hans P.M. van Alphen i 1930.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]