Dead Man av Neil Young

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dead Man
Filmmusikk av Neil Young
Utgjeve 27. februar 1996
Innspelt 27. mars 1995
Sjanger Filmmusikk
Lengd 62:24
Selskap Vapor
Produsent Neil Young, John Hanlon
Kritikk
Neil Young-kronologi
Mirror Ball
(1995)
Dead Man Broken Arrow
(1996)

Dead Man er filmmusikken til westernfilmen Dead Man av Jim Jarmusch med Gary Farmer og Johnny Depp som William Blake. Neil Young improviserte fram musikken (hovudsakleg på elektrisk gitar, og noko akustisk gitar, piano og orgel) samstundes med at han kikka på filmen i eit platestudio. Albumet består av sju instrumentale spor av Young, med utdrag frå dialog frå filmen og Johnny Depp som les dikta til William Blake mellom musikken. Versjonen av hovudtemaet som vert nytta i byrjinga og slutten av filmen er ikkje med,[1] men vart gjeven ut som singel.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i 1996. I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom det ei spesialutgåve med eit spesiallaga omslag. Omslaget såg ut som eit fotoalbum frå 1800-talet, der ryggen var kledd i tøy og sjølve omslaget var i svart, laminert papp.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Spora på albumet har ikkje offisielle namn, så innhaldslista under er uoffisiell.

All musikk komponert av Neil Young.

# Tittel Lengd
1. «Gitar Solo, No. 1»   5:17
2. «The Round Stones Beneath the Earth...»   3:31
3. «Gitar Solo, No. 2»   2:03
4. «Why Does Thou Hide Thyself, Clouds...» (Inneheld delar av William Blake-diktet «To Nobodaddy») 2:24
5. «Orgel Solo»   1:33
6. «Do You Know How to Use This Weapon?» (Inneheld delar av «The Marriage of Heaven and Hell») 4:24
7. «Gitar Solo, No. 3»   4:31
8. «Nobody's Story» (Inneheld delar frå eit brev Blake skreiv til Thomas Butts) 6:35
9. «Gitar Solo, No. 4»   4:22
10. «Stupid White Men...»   8:45
11. «Gitar Solo, No. 5»   14:40
12. «Time for You to Leave, William Blake...»   0:51
13. «Gitar Solo, No. 6»   3:22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dead Man: Neil Young Amazon staff review.
  2. Neil Young's Rare & Unreleased Songs