Dear God av Elton John

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dear God
Singel av Elton John
frå albumet 21 at 33
B-side

«Tactics»
«Steal Away Child»
«Love So Cold»

Utgjeve 14. november 1980
Sjanger Pop
Lengd 3:45
Selskap Rocket Records
Låtskrivar(ar) Elton John, Gary Osborne
Produsent Elton John, Clive Franks
Elton John-kronologi 
«Sartorial Eloquence (Don't Ya Wanna Play This Game No More?)»
(1980)
Dear God «Nobody Wins»
(1981)


«Dear God» er ein song av Elton John med tekst av Gary Osborne. Songen kom ut på albumet hans 21 at 33 frå 1980. Teksten er hovudsakleg basert på verdsfred og kjærleik, og korleis folk har svikta Gud. Det er den kortaste songen på albumet og vart gjeven ut som singel. Singelen selde heller dårleg, men nådde 82. plass på lista i Australia.

Singelen var opphavleg meint å berre ha ei B-side, «Tactics», men vart i staden gjeven ut som ei dobbelplate, med to songar til på den andre singelen, «Steal Away Child» og «Love So Cold». To songar vart seinare nytta som B-sider for singlar frå albumet Breaking Hearts, og finst enno ikkje på CD.

Som mange av tidlegare Elton John-songar, syng The Beach Boys, Toni Tennille og Peter Noone frå Herman's Hermits korvokal på songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]