Decade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Decade
Samlealbum av Neil Young
Utgjeve 28. oktober 1977
Innspelt 1966-1976
Sjanger Countryrock, folkrock, rock
Lengd 143:40
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, Elliot Mazer, Tim Mulligan, David Briggs
Kritikk
Neil Young-kronologi
American Stars 'N Bars
(1977)
Decade Comes a Time
(1978)

Decade er eit trippelt samlealbum av Neil Young, som kom ut i 1977, i dag på to CDar. Det inneheld 35 av songane til Young spelte inn mellom 1966 og 1976, og fem av dei var fram til då ikkje gjevne ut før. Albumet nådde 43. plass på den amerikanske albumlista.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Songane på albumet var vald ut av Young sjølv og han skreiv handskrivne notat om kvart spor. Nesten alle albuma hans er representerte, bortsett frå Four Way Street og Time Fades Away. Av tidlegare ikkje-utgjevne songar finn ein «Down to the Wire» med pianisten Dr. John og Buffalo Springfield, frå det forkasta albumet Stampede, «Love Is a Rose» var ein mindre hit for Linda Ronstadt i 1975, «Winterlong» var ein gammal song, som Pixies seinare spelte inn, og «Campaigner» var ein song som var kritisk til Richard Nixon. Songen «Long May You Run» er ein annan miks enn den ein finn på album med same namn, med harmonivokal av Crosby, Stills & Nash før David Crosby og Graham Nash forlet innspelinga.

I mange år var Decade det einaste samlealbumet til Neil Young. I 1993 kom samlinga Lucky Thirteen, men denne dekte berre perioden 1982-1988. Det var først i 2004 at Reprise Records gav ut ei enkel plate med dei mest kjende songane hans, kalla Greatest Hits. Gjennom 1980- og 1990-åra lovde Young tilhengjarane sine at det skulle kome ein oppfølgjar kalla Decade II, men denne ideen vart skrinlagd då Young i staden byrja på den mykje meir omfattande antologien Archives, som dekte heile karrieren hans i form av ein boks.

Alternativ tidleg versjon[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var det meininga at Decade skulle kome ut i 1976, men vart trekt tilbake i siste liten av Young. Det vart lagt på hylla til året etter, då to songar frå den opphavlege sporlista var fjerna (ein konsertversjon av «Don't Cry No Tears» frå Japan i 1976 og ein konsertversjon av «Pushed it Over The End» frå 1974). I tillegg vart kommentarane om desse to songane og albumet Time Fades Away fjerna.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart hylla som eit av dei beste samlealbuma for ein rockeartist og som ein mal for bokssamlingar som skulle kome utover i 1980-åra og framover. Men i den første utgåva av Rolling Stone Illustrated History of Rock and Roll og den påfølgjande artikkelen i 1983 Rolling Stone Record Guide, nyttar kritikar Dave Marsh dette albumet til å skulde Young for å med vilje prøve å skape ein mytologi av seg sjølv. Magasinet har sidan fjerna denne artikkelen frå nyare utgåver av Illustrated History.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Down to the Wire» (ikkje tidlegare utgjeven; framført med Buffalo Springfield-medlemmane Stephen Stills og Richie Furay i lag med Dr. John) 2:25
2. «Burned» (framført med Buffalo Springfield på Buffalo Springfield) 2:14
3. «Mr. Soul» (framført med Buffalo Springfield på Buffalo Springfield Again) 2:41
4. «Broken Arrow» (framført med Buffalo Springfield på Buffalo Springfield Again) 6:13
5. «Expecting to Fly»   3:44
Side to
# Tittel Lengd
6. «Sugar Mountain» (Singel frå 1968) 5:43
7. «I Am a Child» (frå Buffalo Springfield-albumet Last Time Around) 2:17
8. «The Loner» (frå Neil Young) 3:50
9. «The Old Laughing Lady» (frå Neil Young) 5:59
10. «Cinnamon Girl» (frå Everybody Knows This Is Nowhere) 2:59
11. «Down by the River» (frå Everybody Knows This Is Nowhere) 9:16
Side tre
# Tittel Lengd
12. «Cowgirl in the Sand» (frå Everybody Knows This Is Nowhere) 10:01
13. «I Believe in You» (frå After the Gold Rush) 3:27
14. «After the Gold Rush» (frå After the Gold Rush) 3:45
15. «Southern Man» (frå After the Gold Rush) 5:31
16. «Helpless» (framført med Crosby, Stills, Nash & Young frå Déjà Vu) 3:34
Side fire
# Tittel Lengd
17. «Ohio» (framført med Crosby, Stills, Nash & Young, gjeven ut som singel i 1970) 2:56
18. «Soldier» (forkorta utgåve frå Journey Through the Past) 2:28
19. «Old Man» (frå Harvest) 3:21
20. «A Man Needs a Maid» (frå Harvest) 3:58
21. «Harvest» (frå Harvest) 3:08
22. «Heart of Gold» (frå Harvest) 3:06
23. «Star of Bethlehem» (frå American Stars 'n Bars) 2:46
Side fem
# Tittel Lengd
24. «The Needle and the Damage Done» (frå Harvest) 2:02
25. «Tonight's the Night, Part 1» (frå Tonight's the Night) 4:41
26. «Tired Eyes» (frå Tonight's the Night) 4:33
27. «Walk On» (frå On the Beach) 2:40
28. «For the Turnstiles» (frå On the Beach) 3:01
29. «Winterlong» (ikkje tidlegare utgjeven, finst på acetat-utgåver av Tonight's The Night) 3:05
30. «Deep Forbidden Lake» (ikkje tidlegare utgjeven) 3:39
Side seks
# Tittel Lengd
31. «Like a Hurricane» (frå American Stars 'n Bars) 8:16
32. «Love is a Rose» (ikkje tidlegare utgjeven) 2:16
33. «Cortez the Killer» (frå Zuma) 7:29
34. «Campaigner» (ikkje tidlegare utgjeven) 3:30
35. «Long May You Run» (framført som The Stills-Young Band frå Long May You Run) 3:48

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Williams, Paul. Neil Young: Love To Burn. s. 115. ISBN 0-934558-19-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]