Deccan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deccanplatået er eit stort fjellplatå som dekker store delar av Sentral- og Sør-India. Platået har ei gjennomsnittshøgd på 500 moh med variasjonar mellom 450 og 750 moh. Det er avgrensa i aust og vest av fjellkjedene dei austre og dei vestre ghatane.
Deccan dekker store delar av delstatane Andhra Pradesh, Karnataka, Kerala, Tamil Nadu og Maharashtra. Det dannar ei naturleg grense mellom Nord- og Sør-India, og størstedelen av folka som bur her talar dravidiske språk (i motsetning til indoeuropeiske språk i nord).
Namnet 'Deccan' kjem frå prakrit dakkhin som tyder sør.