Dedicated Follower of Fashion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Dedicated Follower Of Fashion»
Singel av The Kinks
B-side

«Sittin' On My Sofa»

Utgjeve 25. februar 1966
Innspelt 2. februar 1966
Sjanger Folkrock
Lengd 3:05
Selskap Pye 7N 17064 (UK)
Reprise 0471 (US)
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi 
«Till the End of the Day»
(1965)
«Dedicated Follower Of Fashion» «Sunny Afternoon»
(1966)


The Kinks i 1965.

«Dedicated Follower of Fashion» er ein song av det britiske bandet The Kinks frå 1966. Songen er eit satirisk stykke om det britiske motemiljøet og modkulturen generelt. Songen vart gjeven ut som singel i februar 1966 og seinare vorte gjeven ut på mange samlealbum.

Musikalsk markerte denne og «A Well Respected Man» nokre månader tidlegare starten på ei ny retning for The Kinks med inspirasjon frå britisk varietémusikk.

Songen[endre | endre wikiteksten]

På midten av 60-talet var moten i Storbritannia starta å verte stadig meir vågal og skandaløs, driven av ungdomskulturen i London. Motetrendane endra seg raskt og butikkane i Carnaby Street gjorde det godt på dei som prøvde å halde tritt med siste mote. Ray Davies såg dette og skreiv den satiriske teksten om ein overflatisk snobb, «clothes are loud but never square / It will make or break him so he's got to buy the best ... He thinks he is a flower to be looked at ... In matters of the cloth he is as fickle as can be.»[1]

Davies hevdar han skreiv songen i eingong, skreiv teksten på ein skrivemaskin, og endra han aldri seinare. Han vart framført med Davies på akustisk gitar, medan resten av bandet kom inn på «It will make or break him so he's got to buy the best 'cause...» og repeterer «Oh yes he is»-linjene i refrenget. Bandet prøvde mange variantar av songen, forskjellige arrangement, forskjellig diksjon og gitarlydar. Davies var aldri nøgd med den utgåva som kom ut på singel, og var sint på managerane til The Kinks og Pye Records som pressa på for å få songen ut så raskt som tidleg.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Dei britiske platekjøparane likte stikket til Davies mot «Carnaby-folket» og songen gjekk inn på Topp 5 i heimlandet. Songen gjekk heilt til topps på listene i Nederland og New Zealand, og til sjuandeplassen i Noreg. I USA klarte ikkje songen høgare plassering enn 36. plass.[2] Davies vann ein Ivor Novello Award for teksten i 1966.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dedicated Follower of Fashion Arkivert 2007-06-02 ved Wayback Machine. på kinks.it.rit.edu.
  2. Listeplasseringar Arkivert 2009-02-06 ved Wayback Machine. på kinks.it.rit.edu