Dee Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 62°25′22″S 59°47′1″W
Dee Island
øy
none  Dee Island frå English Strait, med Burro Peaks til venstre og Greenwich Island i bakgrunnen.
Dee Island frå English Strait, med Burro Peaks til venstre og Greenwich Island i bakgrunnen.
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
stad Antarktis
 - koordinatar 62°25′22″S 59°47′1″W
Høgaste punkt Burro Peaks
 - høgd 190 moh
Lengd 1,9 km
Breidde 1,37 km
Areal 197 ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Dee Island is located in Antarktis
Dee Island (Antarktis)
Topographic map of Livingston Island, Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands.

Dee Island er ei isfri øy som ligg mellom Greenwich Island og Aitcho Islands i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Mellom denne øya og Greenwich Island i sør ligg den 850 meter breie Orión Passage, og sundet i nordaust med Aitcho Islands på andre sida er det 1,1 km breie Villalón Passage. Ho er 1900 meter lang og 1370 meter brei, med den høge toppen Burro Peaks (62°25′38.2″S 59°46′45″W) i søraust med ei høgd på 190 meter over havet og eit overflateareal på 197 hektar.[1] Dei vesle øyane Montufar Island (62°25′36.6″S 59°45′24.9″W) og Araguez Island (62°25′57.8″S 59°47′15″W) ligg høvesvis 200 og 650 meter aust for Dee Island. Området vart vitja av selfangarar tidleg på 1800-talet.

Dee Island vart kartlagd og namngjeven, truleg etter forma hennar, av Discovery Investigations i 1935, medan Montufar Island er kalla opp etter eit medlem av den andre ecuadorianske antarktisekspedisjonen som vart utsett for ei ulukke under bygginga av Pedro Vicente Maldonado Base.

Øya ligg 3,9 km aust for Ongley Island, 850 meter søraust for Sierra Island, 1,1 km sørvest for Barrientos Island, 2,07 km vest-sørvest for Cecilia Island og 3,02 km nordvest for Spark Point.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]