Dee Palmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dee Palmer

Fødd2. juli 1937 (86 år)
FødestadWolverhampton i England
FødenamnDavid Palmer
OpphavStorbritannia
Aktiv1967 til i dag
Sjangerrock
Instrumenttangentfjøl
Tilknytte artistarJethro Tull
PlateselskapChrysalis
Verka somArrangør, klaverspelar

Dee Palmer (tidlegare David Palmer[1]) er ein engelsk komponist og musikalsk arrangør,[2] og klaverspelar som er mest kjend for å ha vert medlem av rockegruppa Jethro Tull.[3]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Palmer studerte komponering ved Royal Academy of Music[4] med Richard Rodney Bennett. Ho vart Fellow of The Royal Academy of Music i 1994.[5]

Jethro Tull og andre verk[endre | endre wikiteksten]

I den tidlege karrieren sin som arrangør og dirigent medverka Palmer på det første albumprosjektet sitt, Nicola, i 1967 med Bert Jansch. Palmer vart så vist til Terry Ellis, manageren for Jethro Tull på den tida, som spelte inn det første albumet sitt i Sound Techniques Studio i Chelsea i London. På kort varsel kom Palmer opp med arrangement for blåsarar og strykarar på Mick Abrahams-songen «Move on Alone» frå albumet This Was. Dette arbeidet knytte ham til bandet[6] og skreiv så arrangementet for strykekvartetten på «A Christmas Song». Palmer arrangerte strykarar, blåsarar for Jethro Tull-songar seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra, før ho formelt vart medlem av gruppa i 1976 der ho spelte klaverinstrument. I 1980 ønskte frontmannen Ian Anderson å gje ut albumet A med andre musikarar som eit soloprosjekt (under namnet 'Ian Anderson'), men vart overtalt av plateselskapet til å gje det ut som «Jethro Tull». Det førte til at alle medlemmane i gruppa, inkludert Palmer, og utanom gitarist Martin Barre og Anderson sjølv, forlét bandet. Palmer danna gruppa Tallis i lag med tidlegare Jethro Tull-pianist og organist John Evan. Den nye gruppa selde ikkje dårleg og Palmer gjekk attende til å lage filmmusikk og arbeide i studio.

Frå byrjinga av 1980-åra produserte Palmer fleire album med orkesterarrangement av musikk av forskjellige rockegrupper, som Jethro Tull, Pink Floyd, Genesis, Yes, The Beatles og Queen.[7]

I 1990-åra produserte han albumet Norske Popklassikere med London Symphony Orchestra med arrangement av norske rock- og popklassikarar. Dette albumet selde til gullplate i Noreg.

Kjønnsskifte[endre | endre wikiteksten]

I 2003 annonserte Palmer ei kjønnsendring frå mann til kvinne, med det nye førenamnet Dee. Palmer var fødd tvikjønna, men vart rekna som gut frå fødselen. Han gjekk gjennom fleire operasjonar, dei siste seint i 20-åra. Palmer sa at identitetsforvirringa hadde vore ein del av livet sidan han var ung, men tredde fram att etter at kona Maggie døydde i 1995.[8][9][10]

Jethro Tull-diskografi med Palmer[endre | endre wikiteksten]

Orkesterarrangement for:

Som fulltidsmedlem:

Symfoniske arrangement[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «For The Record: Quick News». MTV. 23 januar 2004. Henta 15. september 2012. 
  2. Nollen, Scott Allen (2002). Jethro Tull: A History of the Band, 1968-2001. McFarland. s. 185–. ISBN 978-0-7864-1101-6. Henta 15. september 2012. 
  3. Buckley, Peter (1. november 2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 551–. ISBN 978-1-84353-105-0. Henta 15. september 2012. 
  4. Harper, Colin; Marr, Johnny (21. august 2006). Dazzling Stranger. Bloomsbury Publishing. s. 210–. ISBN 978-0-7475-8725-5. Henta 15. september 2012. 
  5. «Fellow of the Royal Academy of Music (FRAM)». Royal Academy of Music. Henta 15. september 2012. 
  6. Eder, Bruce. «David Palmer». VH1. Arkivert frå originalen 31. mars 2011. Henta 15. september 2012. 
  7. Thompson, Dave (1. november 2004). Turn it on Again: Peter Gabriel, Phil Collins & Genesis. Hal Leonard Corporation. s. 260–. ISBN 9780879308100. Henta 15. september 2012. 
  8. «Dee Palmer Interview with David Rees». Official Jethro Tull website. 29. juni 2004. Arkivert frå originalen 30. mars 2012. Henta 15. september 2012. 
  9. Out. Here Publishing. 2004-12. s. 113–. Henta 15. september 2012. 
  10. Wright, Jeb (October 2004). «Dee Palmer Interview». Classic Rock Revisited. Arkivert frå originalen 4. februar 2005. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]