Dee i Aberdeenshire
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dee | |
| Uisge Dè | |
| elv | |
|
Dee nær Braemar
|
|
| Land | |
|---|---|
| Grevskap | Aberdeenshire |
| Byar | Aberdeen, Braemar |
| Kjelde | |
| - stad | Wells of Dee i Cairngorms |
| Lengd | 140 km |
| Nedslagsfelt | 2 100 km² |
Dee (skotsk-gælisk Uisge Dè) er ei elv i Aberdeenshire i Skottland. Elva spring ut i Cairngorms og renn gjennom Strathdee (Deeside) på veg mot Nordsjøen ved Aberdeen. Namnet er dokumentert heilt tilbake til 100-talet e.Kr. i verket il geografen Ptolemaios, som Δηοῦα (=Deva), som tyder 'gudinne', noko som indikerer at elva hadde guddommeleg status i trua til innbyggjarane som budde her då. Det er fleire andre elvar med same namnet i Storbritannia som har same opphav.
Elva renn gjennom mellom anna Braemar, Ballater, Aboyne og Banchory, før ho munnar ut i Nordsjøen gjennom hamna i Aberdeen. Det vart bygd ein kunstig kanal i 1872 for å utbetre hamna, som er det største marinesenteret i Europa for offshoreindustrien i Nordsjøen.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «River Dee, Aberdeenshire» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2011.