Deep Space 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Overflatesonden og sonden som skulle operera under marsoverflata.
Deep Space 2-sondane montert og innpakka i eit aeroshell.
Dei ulike sondekomponentane.
Slik har ein kunstnar førestilt seg ei vellukka landing.

Deep Space 2-prosjektet, som vart skote opp januar 1999 som ein del av NASAs New Millennium-program, bestod av to avanserte minisondar sendt til Mars. Den eine av sondane var planlagt å vera den første sonden til å operera under overflata på ein annan planet. Deep Space 2-sondane var også dei første landarane til å bruka aeroshell i staden for fallskjermar eller rakettar for å redusera nedslagsfarten.

Kvar sonde vog 2,4 kg og var pakka inn i eit vernande aeroshell. Dei var om bord eit anna romfartøy, Mars Polar Lander. Ved framkomst 3. desember 1999 over sørpolregionen på Mars, skulle dei to basketballstore skalla bli sleppte frå hovudsonden og styrta inn i planetens atmosfære og treffa marsoverflata med ein hastigheit på over 644 km/t. Ved nedslaget skulle dei to skala sprekka opp og dei to sondane med storleik lik en grapefrukt skulle slå gjennom overflata og dela seg i to bitar. Den lågare biten ville gå så langt ned som 0,6 meter i bakken, medan den øvre delen ville bli verande på marsoverflata og senda data til Mars Global Surveyor i bane rundt Mars, som igjen ville senda dataa tilbake til Jorda. Dei to delane av sonden ville vera i samband via ein datakabel.

Sondane vart namnsette Scott og Amundsen etter sørpolsfararane Robert Scott og Roald Amundsen.

Mislukkinga[endre | endre wikiteksten]

Sondane ser ut til å ha nådd Mars, men ein fekk aldri kontakt med dei etter landing. Det er ikkje kjent kva som gjekk gale. Krasjkommisjonen føreslo ei rekkje moglege grunnar for feilinga:

  • radioutstyret i landingssondane hadde ein låg sjanse for å overleva sjølve nedslaget
  • sondane trefte kanskje grunn som var for steinete til at dei kunne overleva
  • batteria om bord i sondane som vart ladde opp eit år før landing, og ikkje hadde vorte sjekka sidan, hadde kanskje ikkje nok straum att til å driva sondane


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Deep Space 2-ferdprofil av NASAs Solar System Exploration


Kjelder[endre | endre wikiteksten]