Defence Research and Development Organisation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Flymodell vist fram av DRDO ved ILA 2012i Berlin.

Defence Research and Development Organisation (DRDO) er ein indisk statsetat med ansvar for utvikling av militærteknologi for det indiske forsvaret. Det er underlagd det indiske forsvarsdepartementet og har hovudkvarter i New Delhi. Etaten har 52 laboratorium og har ifølgje eigne tal 25 000 tilsette, av desse er 5 000 vitskapsfolk.

DRDO blei skipa i 1958 då ein slo saman fleire militære utviklingsdirektorat og organisasjonar. Etaten arbeider mellom anna med aeronautikk (luft- og romfart), elektronikk og data, militærkjøretøy, missil, våpen og marinesystem. Det første større prosjektet til etaten var utviklinga av eit luftvernmissil, Project Indigo, på 1960-talet. Prosjektet blei avvikla utan handfaste resultat, men blei avløyst av Project Devil og Project Valiant, som utvikla kortidstanse- og interkontinentale missil på 1970-talet. Det førte fram til Prithvi-missilet på 1980-talet, Agni-missilet på 1990-talet, Akash-missilet på 2000-talet og Nag-missilet på 2010-talet.

I 2010 gav forsvarsminister A.K. Antony ordre om å omstrukturera DRDO for å fremja indisk forsking på militærteknologi og gje effektiv tilgang til området for den private sektoren. Omstruktureringa gjekk ut på å nydanna ein militærteknologikommisjon leia av forsvarsmnisteren, men også å desentralisera etaten gjennom å skipa ulike senter leia av generaldirektørar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «MoD Announces Major DRDO Restructuring Plan | Defense & Security News at DefenseTalk». Defencetalk.com. 17. mai 2010. Henta 18. november 2014. ; «defence.professionals». defpro.com. Arkivert frå originalen 15. mai 2011. Henta 31. august 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne militærartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.