Defenestrasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Defenestrasjonen i Praha i 1618

Defenestrasjon er ei nemning på det å hiva nokon eller noko ut av eit vindauga. Ordet kjem av latin de-, «frå, ut av» og fenestra, «vindauge». Historisk har defenestrasjonar vore nytta som ein måte å audmjuka folk, og syna forakt for politikk og makthandlingar. Særleg gjaldet dette ved defenestrasjonane i Praha.

Innan IKT har ordet vore brukt ein del i samband med ulike aksjonar knytte til vindauge i vindaugesystem, blant anna å køyra applikasjonar i full-skjerm-modus og å dra noko ut av eit vindauga. Også det å sletta uviktig rusk frå harddiskar har vore omfatta av dette ordet. I seinare tid er det også teke i bruk om å fjerna Microsoft Windows frå ein PC.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]