Degrassi: The Next Generation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Degrassi: The Next Generation

Typefjernsynsserie
Sjangerungdomsfilm, LHBT+
OpphavslandCanada
Produksjonsland Canada
InnspelingsstadOntario, Canada
Introduksjonsår2001
Sesongar14
Episodar387
Lengd22 minutt
SpråkEngelsk
SkaparYan Moore, Linda Schuyler
Produsent
  • David Lowe
  • Stefan Brogren
  • Seyedeh Haerihendi
KlippGordon Thorne
Produksjonsleiar
  • Linda Schuyler
  • Stephen Stohn
  • Brandon Yorke
Musikk
  • Jody Colero
  • Jim McGrath
  • Stephen Stohn
Periode14. oktober 2001–
2. august 2015
Distributør
Kanal
Biletformat
  • 480i (SDTV) (sesongar 1-3)
  • 1080i (HDTV (sesongar 4-14)

Degrassi: The Next Generation (forkortingar: DTNG eller D:TNG) eller berre Degrassi er ein kanadisk tv-serie som følgjer ei gruppe gymnasiastar (high school-elevar). Degrassi-seriar er blitt laga sidan 1980; denne serien starta i 2001. 29. august 2011 hadde 258 episodar blitt sende i Canada.

Sesong 1: 2001-2002[endre | endre wikiteksten]

Nummer Tittel Namnet er basert på Samandrag
101 Mother and Child Reunion Part 1 Song av Paul Simon Christine «Spike» Nelson har blitt vaksen og dottera hennar, Emma Nelson, som ho fødde da ho gjekk på Degrassi Junior High, er no 12 år og skal sjølv byrje på Degrassi. Det er tid for 10-års gjenforeiningsfest for dei tidlegare Degrassi-medlemane, og kjende fjes som Archie «Snake» Simpson, Joey Jeremiah, Caitlin Ryan, og rektor Raditch dukkar opp. Samtidig kjem Emma i kontakt med ein gut som verkar vere hennar sjelefrende, Jordan, på Internett. Dei to planlegg å treffe kvarandre.
102 Mother and Child Reunion Part 2 Song av Paul Simon Bestevenen til Emma, Manny, er engsteleg for at Emma har gått for å møte Jordan åleine. Med hjelp frå venen Toby, ein datanerd, hacker dei seg inn på epostkontoen til Emma og finn ut kor dei skal møtest. Dei styrtar til skolen for å finne Spike. Spike og Snake kjem til hotellet akkurat i tide for å redde Emma frå Jordan, som viser seg å vere ein vaksen mann.
103 Family Politics For å plage Ashley, overtaler Toby JT til å stille til skulepresidentvalet.
104 Eye of the Beholder Song av Metallica Paige lurer Terri til å bli full før skuledansen, slik at ho kan gå med Spinner i staden for Terri.

JT og Toby blir tatt av foreldrane til Toby for å sjå på porno. Emma blir forelska i Sean.

105 Parents' Day Toby er flau over at dei skilde foreldra hans kranglar på foreldremøte. Paige og Ashley kjemper om å treffa mor til Toby, som er skodespelaragent.
106 The Mating Game Song av Bittersweet Kjærasteparet Ashley og Jimmy vurderer å liggje saman, men bestemmer seg for at dei ikkje er heilt klare for det endå. Toby blir forelska i Emma, men blir vonbroten når han finn ut at kjenslene ikkje er gjensidige.
107 Basketball Diaries Amerikansk film The Basketball Diaries Jimmy strever med å få tid til både lekser og basketball, men vil gjere alt han kan for å kome på basketballaget, til og med ta Ritalin frå Spinner for å forbetre innsatsen. Liberty vil vere på videoopplysninga, noko som Ashley har mykje imot. Spinner, som ikkje har tatt ADHDmedisinen sin, tar for hardt i under basketballutvalet
108 Secrets and Lies Ashley blir sint når ho fin ut at faren er homofil. JT fortel Liberty at han er homofil for å bli kvitt henne.
109 Coming of Age Jay-Z Jimmy fyller fjorten og Ashley er usikker på forholdet deira. Emma får mensen for fyrste gong, og får hjelp frå Manny og Paige.
110 Rumors and Reputations Liberty blir knust etter at Emma ved ein feil set i gang eit rykte om eit forhold mellom Liberty og ein lærar. Spinner finn eit insekt i maten, han prøver å bevise at kantina er uhygienisk, men ingen trur han. Han tar derfor med seg sine eigne insekt, men hamner i trøbbel istadenfor.
111 Friday Night Jimmy og Spinner bestemmer seg for å ta hemn på frøken Kwan, men det går ut over dei sjølv. Emma og Sean går på date, som endar i uhell på uhell.
112 Wannabe Song av Spice Girls Manny bestemmer seg for å bli med i heiagjengen, mens Emma går sterkt ut mot dei.
113 Cabaret Cararet Terri og Paige vil lage ein ny popversjon av ein song av Ashley, noko ho misliker.
114 Under Pressure Song av Queen & David Bowie Jimmy og Sean bestemmer seg for å slost etter skulen, noko som endar med at Sean angrip Emma. Spinner prøver å bli sjuk for å sleppe engelskeksamen.
115 Jagged Little Pill Album av Alanis Morissette Ashley og Toby har nokre venar over for å feira slutten på skuleåret. Toby og JT sluttar seg til Sean for å bli ein av dei «slemme» gutane. JT bestemmer seg for å ta ecstasy som han har fått frå syskenbarnet sitt. Sean seier han skal gå ned for å dele pilla i to for Toby og JT, men han gjer ho til Ashley, og byter ho ut med aspirin. Ashley lest som ho kastar pilla, men tar ho sjølv. Ho ender opp i seng med Sean, skryt om det under festen til Jimmy, og fornærmar Paige.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kulturartikkelen som har med Canada å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.