Dei alfonsinske tabellane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfonsinske tabellar.

Dei alfonsinske tabellane (latin Tabulae Alphonsinae) er astronomiske tabellar utarbeidd etter oppdrag frå Alfons X av Castilla og León, av kring 50 arabiske, jødiske og kristne vitskapsmenn. Dei vart gjevne til han den dagen han tok over trona i 1252.

Tabellane bygde på det ptolemaiske systemet, men var eit stort framskritt frå tabellane ein hadde tidlegare. Etter boktrykkarkunsten vart funnen opp, vart dei trykt fleire gonger, først i Venezia i 1483. Tabellane låg til grunn for undersøkingane til Copernicus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]