Dei austindiske øyane
Dei austindiske øyane eller Austindia er eit namn som ofte vert nytta om øyane søraust i Asia, særleg Dei indonesiske øyane.[1][2] Stundom vert det òg nytta for å skildre landområda i Sør- og Søraust-Asia[1], og dekkjer då heile dagens India, Pakistan, Bangladesh, Myanmar, Sri Lanka, Maldivane, samt Thailand, Kambodsja, Laos, Brunei, Singapore, Filippinane, Aust-Timor, Malaysia og Indonesia. Nederlandske koloniar i området vart kalla Nederlandsk Austindia før Indonesia fekk sjølvstende.
Austindia kan òg inkludere Indokina, Filippinane, Brunei, Singapore og Aust-Timor, men inkluderer ikkje vestlege Ny-Guinea (Vest-Papua), som er ein del av Melanesia.
Innbyggjarane på Dei austindiske øyane vert stundom kalla austindarar for å skilje dei frå indarane i India, Karibia (som stundom vert kalla Vestindia) og amerikanske indianarar. Folkeslaga i Austindia har derimot eit stort kulturelt mangfald og reknar seg ikkje som ei enkel etnisk gruppe. Hinduisme, buddhisme og islam er dei vanlegaste religionane i regionen, men i enkelte område òg kristendom, sikhisme, jainisme og andre tradisjonelle trusretningar. Språket regionen er variert og kjem frå mange språkfamiliar i Sør-Asia.
Regionar i Austindia er stundom delt inn etter kva kolonirike dei høyrte til, til dømes Britisk Austindia som refererer til Malaysia, Nederlandsk Austindia som er Indonesia og Spansk Austindia som er Filippinane.
Historie [endre]
Europearane kom til desse regionane seint på 1400-talet og tidleg på 1500-talet, ført an av portugisiske utforskarar. Regionane vart viktige kjelder for handelsvarer, særleg bomull, indigofargestoff og krydder etter at det vart oppretta europeiske handelsselskap, som Det britiske og Det nederlandske austindiske kompaniet på 1600-talet.
Kristoffer Columbus trudde i starten at Den nye verda var den austlegaste delen av dei indiske områda, då han hadde bomma grovt på den vestlege avstanden frå Europa til Asia. For å unngå forvirring vart Den nye verda seinare kalla «Vestindia», medan dei opphavlege indiske øyane vart kalla «Austindia».
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Indies» frå Wikipedia på engelsk, den 1. januar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Oxford Dictionary of English 2e, Oxford University Press, 2003, "East Indies/East India"
- ↑ Britannica.com "East Indies"