Dei britiske kronjuvelane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronregalia og kroningsstolen i ei gravering frå 1814.

Dei britiske kronjuvelane (engelsk Crown Jewels) eller riksregalia er smykke, klede og andre regalia brukte av britiske kongelege ved kroningar og visse andre statsseremoniar. Regalia omfattar mellom anna kroner, septer, rikseple, sverd, ringar, sporar, colobium sindonis, dalmatika, armillar og ei kongeleg kappe. Ei rekkje edelsteinar inngår i regalia, mellom anna fleire kjende diamantar. Dei britiske kronregalia blir rekna for å vera dei mest verdifulle av alle kronregalia, og er ei av dei største samlingane av juvelar og edelt metall i verda. Kronjuvelane høyrer til vanleg til i Tower of London.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste britiske kronjuvelane var frå angelsaksisk tid. Dei fleste skal ha gått tapt då Johan av England mista dei nær The Wash i 1216. Etter kort tid blei det laga nye, og i 1284 la ein òg til den walisiske krona til Llywelyn. Desse regalia blei stolne frå Westminster Abbey i 1303, men det meste eller alt blei funne att hjå ein juvelér i London nokre dagar seinare. Juveléren måtte bøta med livet for heleriet. For å sikre regalia blei dei flytta til Tower of London, der dei stort sett har vore sidan.

Under Det engelske samveldet fekk Oliver Cromwell smelta om det meste av regalia. Ved restaurasjonen, då Karl II kom på trona i 1660, vart det laga nye, som med nokre tillegg utgjer dei noverande regalia. Av regalia frå før den engelske borgarkrigen er berre tre sverd og ei skei att.

Under andre verdskrigen blei kronjuevelane tekne til ein sikrare stad under bombinga av London. Dei er i dag under væpna vakthald i Jewel House, men som likevel er ope for publikum og ein stor turistattraksjon.

Innhald i samlinga[endre | endre wikiteksten]

Kroner[endre | endre wikiteksten]

Heraldisk utgåve av krona til St. Edvard.

Samlinga inneheld fleire kroner. Nokre av dei blir brukt av alle monarkar, medan andre er laga spesifikt for ein monark eller for dronninggemalinner. Kongekroner har gjerne ein noko spiss, boga topp, medan dronningkroner har ein mjukare boge på toppen.

Krona til St. Edvard blei laga i 1661. Ho er av gull, og er dekorert med fire croix pattée og fire fleur-de-lis, med to bogar på toppen. Over bogane er eit juvelsmykka croix pattée. Krona har heile 444 edelsteinar. Ho blir brukt gjennom størsteparten av kroningsseremonien. Elizabeth II vedtok å bruka ei stilisert avbilding av denne krona i det britiske kongevåpenet.

Den keisarlege statskrona

Den keisarlege statskrona (Imperial State Crown) blei laga i 1937 for Georg VI, og er lik ei anna laga i 1838 for Victoria. Ho er laga av gull med fire croix pattée og fire fleur-de-lis, og dessutan to bogar på toppen med eit femte croix pattée. Ho er smykka med 2 868 diamantar, 273 perler, 17 safirar, 11 smaragdar og 5 rubinar. Fleire av edelsteinane er berømte, som Rubinen til den svarte prinsen (Black Prince's Ruby, eigenleg ein spinell) og Cullinan II-diamanten, òg kjend som «den mindre stjerna frå Afrika». Han blir boren når monarken forlèt Westminster Abbey etter kroningsseremonien, og under den årlege opninga av Det britiske parlamentet.

Den keisarlege India-krona

Den keisarlege India-krona (Imperial Crown of India) blei laga då Georg V drog til India på keisarbesøk. Ein britisk lov som skulle hindra kronjuvelane frå å pantsetjast gjorde det nemleg ulovleg å ta regalia ut av landet. Det blei derfor laga ei ny krone som først blei innlemma i regalia etter besøket. Ho har meir enn 6000 diamantar, og er med ei vekt på 0,97 kg ei av dei tyngste i samlinga. Krona har ikkje vore brukt av seinare monarkar.

Statsdiademet til Georg IV blei laga i 1820 for Georg IV, og vart òg bore i kroningsprosesjonane til Victoria og Elizabeth II.

Dronninggemalinner bar tradisjonelt krona til Maria av Modena, laga for gemalinna tli Jakob II. Ved byrjinga av 1900-talet var ho i dårleg stand, og det blei difor laga ei ny krone i europeisk stil, som var flatare og med fleire bogar enn dei tradisjonelle britiske kronene. Krona blei laga for Alexandra, gemalinna til Georg V. Seinare blei det laga endå ei ny krone for dronning Elizabeth (seinare kjent som dronningmora) då ho blei krona saman med mannen sin Georg VI i 1937. Alle dei tre gemalinnekronene har i tur og orden vore utsmykka med Kohinoor-diamanten. Den nyaste blei boren, utan bogane, av dronningmora under kroninga av Elizabeth II, og blei lagt på kista hennar under gravferda i 2002.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dei britiske kronjuvelane