Dei egadiske øyane

Koordinatar: 37°58′N 12°12′E / 37.967°N 12.200°E / 37.967; 12.200
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei egadiske øyane
Lokalt namn Isole Egadi
Utsyn frå Trapani til Favignana og Marettimo.
Utsyn frå Trapani til Favignana og Marettimo.
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 37°58′N 12°12′E / 37.967°N 12.200°E / 37.967; 12.200

Store øyar 3

Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sicilia
Trapani

Demografi
Folketal 5&nsbp;000

Dei egadiske øyane (latin Aegates Insulae; italiensk Isole Egadi) er ei øygruppe av små fjellkledde øyar i Middelhavet, nordvest for Sicilia i Italia, nær byen Trapani.

Favignana (Aegusa) er den største av øyane og ligg 15 km vest for Trapani. Levanzo (Phorbantia) ligg 12 km mot vest, medan Marettimo, kalla Iera Nesos i antikken, ligg 24 km vest for Trapani. Det er òg nokre mindre øyar mellom Favignana og Sicilia.

I 1987 hadde øyane om lag 5 000 innbyggjarar totalt. Hovudnæringa til øybuarane er fiske, og her ligg mellom anna det største tunfiskeriet i Sicilia.

Ein har funne spor etter grottemåleri frå yngre steinalder i grotter på Favigana og Levanzo.

Øyane var åstad for tapet til den kartagesiske flåten for C. Lutatius Catulus i 241 f.Kr. som enda den første punarkrigen.

Øyane høyrte til Pallavicini-familien frå Genova fram til 1874, då dei vart kjøpt av Florio-familien frå Palermo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]