Dei fem søylene i islam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Dei fem søylene
sjahádah (trusvedkjenning)
salah (bøn)
zakát (almisser)
ramadán (fastemånaden)
hadj (valfart til Mekka)
Andre omgrep i islam
jihad

Dei fem søylene i islam er namnet på dei mest grunnleggjande rituala i sunni-islam. Omgrepet vert ikkje nytta i sjia-islam, men rituala er å finna att i Usūl al-Dīn (religionen sine røter) og Furū al-Dīn (religionen sine greiner).

Dei fem søylene i islam[endre | endre wikiteksten]

  • Trusvedkjenninga (Sjahada) - erklæringa av at ingen er verd å dyrka unnateke Gud og at Muhammed er Gud sin bodbringar.
  • Bøn (Salát) - dei fem daglege bønene
  • Almissar (Zakat) - som generelt er 2.5 % av oppsparte midlar for den rike i handel og industri og 10% til 20 % av årleg produksjon for jordbrukarar. Desse pengane, eller produkta, vert distribuert blant fattige.
  • Faste (Sawm) - å lata vera å eta, drikka og ha seksuell omgang mellom soloppgang og solnedgang i fastemånaden ramadan, den niande månaden i den islamske kalenderen.
  • Pilegrimferda til Mekka (Hadj) - pilegrimsferda vert gjort i månaden Zul Hijjah, og alle muslimar som er i stand til å utføra ho skal reisa i pilegrimsferd minst ein gong i løpet av livet.

Andre søyler?[endre | endre wikiteksten]

Hjå khawaridjittane, ei tidleg muslimsk sekt, samt hjå enkelte moderne djihadistar, vert djihad (bokstaveleg tala strev, men gjerne tolka som heilag strid) rekna for å vera ei sjette søyle i islam. Ismailiane, ei retning av sjia-islam har sju søyler:

  • walaiah, kjærleik til Gud, profetane, imamen og dai-en.
  • tahara, reinleik
  • salah, bøna
  • zakah, almissar
  • sawm, faste
  • hadj, pilegrimferda
  • djihad, strev for Guds sak.

Drusarane, ei omstridd muslimsk gruppe har også sju søyler, dei fem vanlege, samt truskap mot imamen og strev for Gud sak.