Dei fire store i norsk rock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei fire store i norsk rock er eit uttrykk som blir brukt, kanskje særleg med tanke på 1980-åra, om musikkgruppene deLillos, DumDum Boys, Raga Rockers, og Jokke & Valentinerne, som laga personleg og nyskapande rocknorsk.

Namnet er eit spel på uttrykket brukt om dei fire norske forfattarane Lie, Bjørnson, Kielland og Ibsen, som blir omtala som dei fire store i norsk litteratur.

Omgrepet skal ha blitt introdusert i Arbeiderbladet i 1984 i eit intervju med Jokke & Valentinerne. Same nemninga har også vore nytta om punk-/new wave-banda Kjøtt, The Aller Værste!, DePress og The Cut.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]